Gler seg til å vere ein viktig person i nokon sitt liv
Ellen er sikker på at ho har valt rett utdanning. Ho synest det er kjekt å arbeide med menneske, og særleg barn. No er ho på god veg til å oppnå det ho ønskjer mest: å jobbe som kontaktlærar i barneskulen.
Navn: Ellen Rørdal
Kjem frå: Kvinnherad
Campus: Stord
Utdanning: Grunnskulelærar 1.-7. trinn
– Det beste med å studere til å bli grunnskulelærar er at studiekvardagen er variert, fortel Ellen, som utdannar seg til å bli lærar for 1. til 7. klasse.
I løpet av dei fem åra ein studerer master i grunnskulelærar, er det fleire periodar med praksis. Det inneber at studentane er ute i skulen og øver på å jobbe som lærarar. Ellen synest praksisen er utfordrande, men veldig kjekk – særleg det å bli kjent med elevane, og teste ut ulike undervisningsmetodar.
– I praksis får eg moglegheit til å prøve og feile, mens eg får god rettleiing og konstruktive tilbakemeldingar undervegs, fortel ho. Ho røper òg at det var etter å ha prøvd seg i skulen at ho skjønte at læraryrket var rett for ho.
– Etter den fyrste praksisperioden var eg sikker på at eg hadde valt riktig utdanning.
Utdannar seg til ein variert og meiningsfull jobb
I tillegg til at kvardagen i utdanninga er så variert, er det mange andre faktorar som gjer at Ellen trivst på lærarutdanninga.
– Det er godt studentmiljø og flinke lærarar her eg går, på campus Stord, fortel ho.
Men den største grunnen til at ho vil bli lærar, handlar om noko større:
– Motivasjonen min gjennom studiet er at grunnskulelærar er eit meiningsfullt og viktig yrke. Eg synest det er så kjekt å arbeide med menneske, og spesielt barn. Eg gler meg til å vere noko for nokon!
– Kan du fortelje litt om kva du lærer om på studiet?
– Vi lærer korleis ein på best mogleg måte kan fremje elevane si læring og utviking. Gjennom teori og praksis får vi erfaring med å leie ein klasse og bygge relasjonar. Lærarutdanninga gir oss eit godt grunnlag for å ta tak i dei ulike oppgåvene og ansvaret som vi kjem til å stå overfor i skulen.
Får ein god utdanning i trygge omgivnadar
Sjølv om Ellen synest utdanninga er ei god førebuing for oppgåvene som ventar i skulen, er det òg delar av studiekvardagen som er krevjande. Mellom anna det å lære seg studieteknikkar som er gode og effektive.
– Det er også krevjande å møte ulike utfordringar ute i praksis. Ein stor del av læraryrket er å skape gode relasjonar, oppnå tryggleik og tillit hos elevane og tileigne meg gode verktøy for å kunne møte kvar einskild elev sine behov.
Men ho er ikkje i tvil om at ho anbefaler lærarstudiet til andre.
– Ja, absolutt! Det er eit svært spennande og meiningsfullt yrke. Vi får eit godt grunnlag fagleg, sosialt og til praksis. Og på Stord får eg ta del i eit trygt og utviklande læringsmiljø.
22-åringen, som er glad i å trene, gå på tur, og vere med familie og vener, er nøgd med å ha valt campus Stord som studiestad.
– Eg hadde høyrt mykje positivt om campus Stord. Eg ønskte å bu heime og pendle til skulen. Stord var då eit svært godt val!