Hopp til innhald

University of Pretoria

Universitet i Pretoria (UP) ligg utafor Johannesburg, nordaust i Sør Afrika, og vart etablert i 1908. På idylliske Hatfield Campus er det meir enn 60 historiske bygningar spreia over 240 000 m2. Universitetet har 9 fakultet og ein handelsskule. Det er om lag 43 000 studentar og 1500 fagleg tilsette ved universitetet. Universitet er eit av dei største universiteta innan forsking i Sør Afrika.

Gjeld for

Master i innovasjon og entreprenørskap

Praktiske forberedelser

Alle som reiser på utveksling til Sør-Afrika må søke om visum via den Sør-Afrikanske ambassaden i Oslo. Dette kan vere ein tidkrevande prosess og det er anbefalt å kome i gong så snart du har fått opptaksbrev frå universitetet. Det er òg lurt å skaffe alle nødvendige dokument i god tid før du skal søke visum. Du må legge fram politiattest, røntgen, legeerklæring, fødselsattest og stadfesting på finansiering. <a href="http://www.dirco.gov.za/oslo/">Søknadsskjema og oppdatert informasjon finn du på nettsidene til Sør-Afrikas ambassade.</a>

Studieavgift

Du vil betale skulepengar for å studere ved UP, men heile beløpet vert dekka av lånekassa som 70% lån og 30% stipend. Alle studentar som reiser i 2020 og 2021 vil i tillegg få eit stipend frå HVL på 10.000 kr.

Faglig godkjenning

For å kunne søkje om utveksling må du ha fått søknaden din godkjent av studieprogrammet ditt ved det fakultetet du høyrer til. Ein godkjent søknad betyr at du har fått ei fagleg førehandsgodkjenning av kurs eller praksis som du skal ta i utlandet. Den faglege førehandsgodkjenninga spesifiserer kva du skal gjere medan du er på utveksling og at dei aktivitetane vil verte fullt ut godkjent som del av utdanningsplanen din ved HVL.

Kva kan du studere?

Masterprogram i ansvarleg innovasjon og berekraftig verdiskaping

Du kan reise på utveksling til Pretoria som del av faget «INN520 Entreprenørskap i praksis - oppstartsbedrifter i en regional kontekst» og får ta del i ein sørafrikansk startup knytt til Universitetet sin eigen inkubator- og akselerator. Som del av det 10 veker lange internshipet får du arbeide nært saman både med det entreprenørielle teamet, og saman med rådgjevarane og ekspertane knytt til inkubator- og akseleratoren.

Oppgåvene dine vert å hjelpe til med

Startups du kan vere del av