Fotokonkurranse
Bli med på fotokonkurranse og vinn gåvekort til verdi av 500kr! Konkurransen er åpen for alle høgskulens studentar som er eller har vore på utveksling.
Tema for årets fotokonkurranse er Berekraft. Finn fram kamera og send inn dine beste blinkskot!
Konkurransereglar
HVL sin fotokonkurranse er åpen for høgskulens studentar som er eller har vore på utveksling hausten 2023 eller våren 2024.
Du kan sende inn maks tre bidrag. Send biletet til international@hvl.no saman med eit utfylt påmeldingsskjema.
Bidraga skal syne utvekslingssituasjonen med fokus på det faglege og på studentlivet.
Dømer på innhald:
- Kvardagen som utvekslingsstudent
- Livet på campus (arrangement, førelesning, praksis, bibliotek).
- Bilete frå studiestaned og vertsinstitusjonen
Vilkår for deltaking
- Fotokonkurransen open for alle høgskulens studentar på utveksling gjennom Erasmus+ programmet uavhengig av om studentane tar fag eller praksis og uavhengig av lengde på utveksling.
- Kvar deltakar kan sende inn maks. 3 bilete i den tidsperioden fotokonkurransen pågår. Tema og kategori kan variere frå år til år.
- Innsendere kan berre delta med bilete dei sjølv har fotografert mens dei har vore på utveksling, og kan berre delta det semesteret dei er/har vore på utveksling. Er studenten på utveksling i to semester kan hen delta begge semestera.
- Det er innsenders ansvar å sørge for å ha opphavs- og/eller fotorett til bileta, og sørge for at eventuelle personar på bileta har godkjend offentleggjering av bileta.
- Bileta må være tatt i det landet en har vært på utveksling, og under utvekslingsoppholdet.
- For at eit bilete skal verte vurdert, må det ved innsending oppgis stad og land for kor biletet er tatt.
- Bilete med fokus på alkohol eller andre rusmiddel vert ikkje vurdert.
Jury
Juryen skal vere samansatt av personar utpekt av AFII Internasjonalisering. Jurymedlemma skal vere to personar frå AFII og ein person frå Studenttinget på Vestlandet.
Vurdering
Bileta vert vurdert etter skjønn, med vekt på følgande:
- Det skal komme tydelig fram at biletet er teken i samanheng med utveksling. Typiske «turistbrosjyre»-bileter vert derfor vurdert lågare enn andre bilete.
- Biletet må vere av god kvalitet/høg oppløysingsning (mininum 1 MB). Bileter teken med mobilkamera eller annet kamera er OK. Bilder frå Snapchat, Instagram og bilete med filter vert ikkje vurdert da dei får for lav kvalitet.
- Bilete med fokus på alkohol eller andre rusmiddel vert ikkje vurdert.
Premiering
- plass: gåvekort på 500 kroner i Chillout Travelstore (på nett) og diplom
- plass: HVL-flaske og diplom
- plass: HVL-flaske og diplom
Offentleggjering
1., 2. og 3. plass vert gjort offentleg på HVL sine nettsider, skal rullere på skjermar på campus og skal publiserast på sosiale medium.
Rett
HVL forbeholder seg retten til å
- Offentleggjere alle innsendte bidrag vederlagsfritt, i opprinnelig eller redigert utgave.
- Benytte innsendte bidrag vederlagsfritt i forbindelse med profilering av konkurransen og HVL.
- Benytte innsendte bidrag vederlagsfritt som illustrasjoner i egne publikasjoner og eget informasjons-/markedsføringsmateriell.
- Beskjere bileta ved bruk og offentliggjøring.
Dersom HVL benytter seg av bileta i trykt materiell, skal dei krediterast med innsenders namn.
Atterhald
HVL kan avlyse konkurransen dersom det er for få bidrag eller bidraga vert vurdert for dårlege for marknadsføring eller for lav kvalitet på bileta.
HVL kan kutte kategoriar, eller begrense kor mange plassar som vert kåra i kvar kategori etter ein samla vurdering av alle innsende bidrag.
Innsending
Alle bidrag til konkurransen skal sendes inn til international@hvl.no innan 1. mai (for utveksling på høstsemesteret 2023 og vårsemesteret 2024). Dersom biletet er for stort å sende via e-post, kan du nytta WeTransfer eller liknande verktøy.
Vinnarar vår 2020
Vi gratulerar alle vinnarane av fotokonkurransen vår 2020. Tema var: Utveksling med Erasmus+.
- Vinnar 1. plass: Hanna Torkelsen Sævareid, grunnskulelærarutdanning 5-10 i Danmark
- Vinnar 2. plass: Jørgen Almås Danielsen, radiografi i Nederland
- Vinnar 3. plass: Henriette Hope Solevåg, grunnskulelærarutdanning 1-7 i Danmark
Tidlegare vinnarar
- Haust 2018, vinnar i kategori Fagleg: Silje Helen Hult, sykepleiepraksis i Belgia
- Haust 2018, vinnar i kategori Kultur: Silje Helen Hult, sykepleiepraksis i Belgia
- Haust 2018, vinnar i kategori Generell: Elise Monsen, økonomi og administrasjon i Australia