Tilrettelegging for toppidrett
HVL har eit samarbeid med Olympiatoppen (OLT) om tilrettelegging for toppidrettsutøvarar. Ordninga skal gjere det mogleg for deg som er idrettsutøvar å kunne kombinere studium med ei idrettsleg utvikling på toppidrettsnivå.
Som toppidrettsutøvar søker du opptak til eit studium på ordinær måte, og forheld deg til dei opptakskrava og søknadsfristane som gjeld.
Straks etter at du er komen inn på eit studium, må du få ein vurdering fra OLT om du tilfredsstiller krava til toppidrettsstatus. Søknadsskjema for toppidrettsstatus finn du her.
Det er Olympiatoppen region Vest-Norge som vurderer om du tilfredsstiller krava og eventuelt gjer deg ein stadfesting på dette.
Vær merksam på:
- at toppidrettstatus bekreftast for eit studieår av gongen. Du må sjølv kontakte OLT ved studiestart kvart år for å få re-bekrefta toppidrettsstatusen din,
- at dersom du får opptak til eit studium må du snarleg kontakte HVL for å søke om tilrettelegging av studiesituasjonen og eksamen. Stadfesting på toppidrettsstatus frå OLT skal leggast ved søknaden,
- at HVL tilrettelegg slik det er mogleg innanfor gjeldande regelverk og eksamensordning,
- avtalen mellom HVL og OLT,
- informasjon frå OLT om at du må tilfredsstille kvalitetskrav for å få toppidrettsstatus