Tilrettelegging av studiesituasjonen

Høgskolen på Vestlandet ønsker å legge tilhøva til rette for ein god studiekvardag for alle. Har du ein funksjonsnedsetting eller særlige behov, kan du ha rett på tilrettelegging av studieløpet ditt.

Har du spørsmål om tilrettelegging eller treng du hjelp med søknadsskjema? Ta kontakt med oss på tilrettelegging@hvl.no.

Hugs at tilrettelegging ikkje kan føre til reduksjon av dei faglege krava (jf. forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet §7-2).

Ulike former for tilrettelegging

Tilrettelegging av undervisning

Du kan søkje tilrettelegging av obligatoriske læringsaktivitetar etter § 7-3.Tilrettelegging av undervisning og obligatoriske læringsaktiviteter.

Ei form for tilrettelegging er utvida frist for innlevering av læringsaktivitet. Vi kan ikkje innvilge utvida frist på alle framtidige læringsaktivitetar, men det må vere et reelt behov som oppstår undervegs i emnet. Dette kan du søkje om når behovet oppstår. Har du individuelle innleveringar, tar du først kontakt med fagansvarleg om mogelegheit for utsettelse dersom du blir sjuk i ein periode med innlevering. 

Det er ikkje mogeleg å søke om å unntak frå å gjere ei form for læringsaktivitet fullstendig om dette fører til at krav i læringsutbyttet ikkje blir oppfylt. Høgskulen på Vestlandet si hovudregel er at undervisning foregår fysisk på den campusen du har studierett. Studentar kan ikkje forvente å få omgjort fysisk undervisning til digital undervisning når det vert vurdert at studentar må vere fysisk til stades for å oppnå læringsutbyttet i emnet. Dette kan til dømes gjelde ved praktiske øvingar ellar andre studentaktive læringsaktivitetar. Det kan i særskilte tilfelle søkast om å få gjennomføre alternative læringsaktivitetar.

Send søknad via skjema for å søke om tilrettelegging av undervisning.

Dersom du av ulike grunnar treng lenger tid til å fullføre studiet ditt, kan du få justert utdanningsplanen din. Les om utvida studierett. 

Tilrettelagt leseplass

Tilrettelegging av fysisk læringsmiljø kan vere eit aktuelt tiltak for deg med behov for spesialutstyr og hjelpemiddel, ein føreseieleg studiekvardag eller for deg med konsentrasjonsproblem og angst. Døme på tilrettelegging av fysisk læringsmiljø kan vere fast lesesalsplass, spesialmøblar eller skjerming. Dette kan du søke om. Vi gjer merksam på at det er avgrensa tal leseplassar.

Du kan søke om tilrettelagt lesesalplass på campus ved å bruke skjema for praktisk tilrettelegging i studiesituasjonen.

Pensum som lydbok, e-bok eller punktbok

Studentar med lesevanskar, ADHD, fysisk funksjonsnedsetjing, kognitive utfordringar eller andre årsaker til nedsett leseevne, kan låne lydbøker, e-bøker og punktbøker hjå NLD.

Tilbodet er gratis og du søkjer sjølv om lånerett eller produksjonsrett hjå Tibi

Lese- og skrivestøtteprogram (Lingdys og Orcam Read)

Har du dokumentasjon på lese og skrivevanskar/dysleksi frå ungdomsskule eller vidaregåande skule? Då kan du søkje om lese- og skrivestøtteprogram frå Nav hjelpemiddelsentral som du kan bruke til eksamen og elles i studiekvardagen din.

Sjå rettleiing om søknadsprosedyre på lingit.no.

Treng du hjelp til søknad eller til grunngjeving for søknaden? Ta kontakt med tilrettelegging@hvl.no.

Har du fått lisens på Lingdys og treng hjelp til å bli kjent med programmet, kan du ta kontakt med oss på tilrettelegging@hvl.no for å avtale time for opplæring.

Her kan du lese om Orcam Read, som er designa for å hjelpe deg som har nedsatt syn eller lesevanskar som dysleksi.

Her finn du meir informasjon om lese- og skrivestøtteprogram.

Utgreiing av dysleksi

Dersom du ikkje har dokumentasjon på lese- og skrivevanskar har HVL avtale om utgreiing av lese- og skrivevanskar for våre studentar. Utgreiinga er gratis.

For å bli vist til slik utgreiing sender du inn søknadsskjema om tilrettelegging ved eksamen (vel anna tilrettelegging) og skriv at du ønskjer utgreiing for lese- og skrivevanskar.

Dersom du lurer på om du har lese- eller skrivevanskar kan du sjå gjennom denne sjekklista om lese- og skrivevanskar eller gjennomføre ein enkel nettbasert test.

Hjelpemiddel

Har du varig behov for hjelpemiddel (over 2 år), kan du kontakte NAV Hjelpemiddelsentral i fylket du er folkeregistrert.

Mentorordning gjennom NAV

Har du tiltaket «opplæring i ordinær utdanning gjennom NAV» kan du få tilskot til mentor. Tilskotet blir brukt til å kjøpe fri ein medstudent ved utdanningsstaden.

Mentorordninga skal dekke behov for fagleg, sosial og praktisk støtte for å gjennomføre utdanning.

NAV vurderer størrelsen på ordninga og gjer vedtak. For hjelp til søknaden, ta kontakt med  tilrettelegging@hvl.no.

Bustad, parkering, transport og andre tilbod

Stord: Det er to parkeringsplassar for personar med funksjonsnedsetting på campus (med elbilladar), og to parkeringsplassar ved aulaen.

Bergen: Frå bybanehaldeplassen er det trinnfritt og naturlege leielinjer til hovudinngang, til studenthus og idrettsbygg. Det er 15 HC-parkeringsplassar, som er kostnadsfrie om du har kommunalt HC-kort/parkeringsløyve. Tilkomst og parkering i Bergen.

I Haugesund er det to plassar for HC- parkering. Det er parkeringsplassar på campus for bilar med parkeringsløyve. Du treng parkeringsløyve (som blir skrive ut av studenttinget) for å parkere her.

I Førde er det fri parkering rundt bygget og ein HC-parkeringsplass. Det ikkje høve å lade el-bilar, men dette er mogeleg på Helse Førde sine plassar like ved.

I Sogndal er det parkering fleire stader på campus, med parkeringsavgift. Sjå kart over parkeringsplassar. Du kan kjøpe årskort på servicesenteret i kommunehuset. Ta med student- eller tilsettkort. Prisar på årskort

Saman har fleire leilegheiter og hyblar for studentar med funksjonsnedsetting. Du kan få hjelp med parkering og transport.

Les også om bustad og andre tilbod hos Saman på deira nettside.

Du kan søke refusjon av helseutgifter hos Saman Helsefond.

Lånekassen

Blir du sjuk eller har du nedsatt funksjonsevne slik at du ikkje kan jobbe ved siden av studia, kan du søkje Lånekassen om støtte:

Blir du forsinka i studia dine? Les om kva konsekvensar forsinkingar og avbrudd kan få.

Utvida studierett

Dersom du treng meir tid til å fullføre studiet ditt, kan du etter avtale justere utdanningsplanen din. Du kan få utvida studierett, jamfør forskrift om studium og eksamen ved HVL.

Ta kontakt med studierettleiar for å få justert utdanningsplanen din. Her finn du kontaktinfo for studierettleiing på din campus.

Er du gravid, eller har du barn?

Som gravid student, eller student med barn, er det greitt å ha oversikt over kva reglar som gjeld. HVL ønskjer at gravide studentar skal kunne studere så lenge som mogleg.

Rett til permisjon

Du har rett på permisjon. Studentar som har permisjon på grunn av fødsel og omsorg for barn, kan etter søknad ta eksamen i permisjonstida. Du skal då betale semesteravgift.

Rett til tilrettelegging

Studentar som utfører praktisk arbeid i studiet (som laboratorium), vert definert som tilsette og omfattast av arbeidsmiljølova. Arbeidstilsynet har ei faktaside om graviditet og arbeidsmiljø.

Dersom det ikkje er mogleg å gjennomføre eksamen på ordinær måte, kan du søke om tilrettelegging ved eksamen.

Du kan søke tilrettelegging i praksis på grunn av t.d. graviditet, amming eller omsorg for små barn.

Lånekassen og NAV

Du kan få meir stipend og lån hjå Lånekassen om du har barn.

Du kan søke foreldrepengar/eingongsstønad hjå NAV.

Du må sjølv kontakte NAV/Lånekassen for å finne ut kva som gjeld i din situasjon.

Kva dokumentasjon skal du legge ved?

Dokumentasjonen skal vere frå lege, psykolog eller anna sakkyndig, og må innehalde informasjon om dei faktiske og konkrete ulempene du har grunna din tilstand eller medisinering. Det er viktig at det kjem fram av dokumentasjonen kva funksjonsnedsetting eller særskilt behov du har, og kva type tilrettelegging som kan vere til hjelp for at du kan meistre studia betre.

Skjema

Tilgang på campus

På campus finn du mellom anna kvilerom, stellerom og teleslynge.

Bergen

Frå bybanehaldeplassen er det trinnfritt og naturlege leielinjer til hovudinngang, til studenthus og idrettsbygg. Det er 15 HC-parkeringsplassar, som er kostnadsfrie om du har kommunalt HC-kort/parkeringsløyve. Tilkomst og parkering i Bergen.

Bygga på Kronstad har god tilgang for alle med nedsett funksjonsevne. Det er resepsjon like innafor hovudinngangen. Hovudkorridoren i fyste etasje har taktil og visuell leielinje i golvet med markering av inngang til trapper og heiser. Heisane har talesyntese og blindeskrift.

Rom i Bergen som har FM-sender.

Kvilerom og stellerom i Bergen.

Førde

Haugesund

Sogndal

Stord

Det er to parkeringsplasser for personer med funksjonsnedsettelse på campus, der man også kan lade elbil, og to parkeringsplasser ved aulaen.

Kvilerom, stellerom og teleslynge på Stord

Kontakt oss gjerne

Har du spørsmål om funksjonsnedsetting og tilrettelegging, kan du kontakte tilrettelegging@hvl.no. Du kan også spørje Mime, den virtuelle assistenten som du finn på nettsida.

Er spørsmålet knytt til eksamen, ta kontakt med eining for eksamen.

Det er ein fordel om du tek kontakt så tidleg som mogeleg i semesteret for tilrettelegging av studiet ditt.