Tilrettelegging
Har du behov for individuell tilrettelegging av studiesituasjonen grunna funksjonsnedsetting, verv eller særskilte behov? Du kan ha rett på individuell tilrettelegging av studieløpet ditt for å sikre likeverdige opplærings- og utdanningsmoglegheiter. Tilrettelegginga kan ikkje føre til ein reduksjon av dei faglege krava til utdanninga.
Søknadsfristar
Frist for å søke om tilrettelegging av undervisning og eksamen:
- 1. september og 1. februar, eller når behovet for tilrettelegging blir kjent.
Frist for å søke om tilrettelegging i praksis:
- Dersom praksisperioden din startar i haustsemesteret, må du søke innan 1. april.
- Er du ny student og skal i praksis i fyste semester av studie, må du søkje innan 1. september.
- Dersom praksisperioden din startar i vårsemesteret, må du søkje innan 1. oktober.
- For akutte situasjonar søkjer du når behovet oppstår.
Svar kjem i digital postkasse eller vanleg post.
Ta gjerne kontakt
Har du spørsmål om tilrettelegging eller treng du hjelp med søknadsskjema? Ta kontakt med oss på tilrettelegging@hvl.no.
Tips for eit enklare studieliv