Studie- og karriererettleiing Sogndal
Treng du nokon å snakke med om studiet ditt, vegen vidare eller ønsker gjennomgang av CV og jobbsøknad? Vi er her for deg!
Kom innom oss i 3. etasje i Høgskulebygget!
Det kan vere fint å få hjelp til å sortere tankar og sjå moglegheiter, og vi i Studie- og karriererettleiinga vil gjerne vere ein samtalepartnar for deg. Det er du sjølv som må ta vala, men vi kan hjelpe deg på vegen og gi konstruktive innspel.
Jobbsøkjarkurs
Vi arrangerer jobbsøkjarkurs fleire gonger i semesteret.
Slik kjem du i kontakt med oss
Du kan snakke med oss om:
- motivasjon, stress, bekymringar
- studieteknikk og eksamensmestring
- studierett og permisjon
- utdanningsplan, godskriving og fritak
- utveksling
- tilrettelegging i studiet
- gjennomgang av jobbsøknad og CV
- kva kan eg bruke utdanninga mi til, og kva ønskjer eg eigentleg å jobbe med?
Du kan enten bestille tid til rettleiing i skjemaet under, så vil vi ta kontakt og avtale tid for samtale, eller du kan komme på drop-in (sjå tidspunkt under).
Du finn Studie- og karriererettleiinga i 3. etasje Høgskulebygget. Du kan også snakke med oss på Zoom eller telefon.
Tidspunkt for drop-in:
- Institutt for samfunnsvitskap: Tysdag kl. 10–12
- Institutt for miljø- og naturvitskap: Tysdag kl. 12–14
- Institutt for økonomi og administrasjon: Onsdag kl 12–14
- Institutt for velferd og deltaking: Onsdag kl. 10–12
- Gjennomgang cv/jobbsøknad, tilrettelegging i studiet m.m: Torsdag kl 10-12
- Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett: Torsdag kl. 12–14
Følg oss på Facebook for artiklar og tips om jobbsøkarprosess og arbeidsliv!
Kven møter du i Studie- og karriererettleiinga?
Turid Mølmesdal er leiar av Studie- og karriererettleiinga.