Studierettleiing lærarutdanning, kultur og idrett

Studierettleiarane våre kan hjelpe deg med spørsmål om utdanningsplanar, permisjon, tilrettelegging av studiesituasjon, utveksling og annan rettleiing i løpet av studietida. Du kan óg få hjelp med godkjenning av utdanning frå andre utdanningsinstitusjonar.

Slik kontaktar du oss

Nedanfor finn du kontaktinformasjon til studierettleiarane på dei ulike studiestadane. Har du spørsmål om praksis finn du kontaktinformasjon knytt til dei ulike utdanningane via FLKI si nettside om praksis.

Få rettleiing på din campus

Campus Bergen

Vi er her for deg! Du finn oss på veiledningsrom M117 i K2.

Book samtale med studierettleiar her

 

Du kan også nå oss på e-post: FLKI-Studierettleiar@hvl.no

 

Campus Stord

Må eg bestille time, eller kan eg banke på?

For at studierettleiarane våre skal kunne jobbe effektivt, er det alltid ein fordel at dei veit at du kjem. Difor er det fint om du kan bestille time via e-post direkte til din studierettleiar. Nemn gjerne kort kva du ynskjer hjelp til. 

Når du møter til timen din, kom alltid innom Servicetorget først, så vil me sjekke at studierettleiaren din er klar til å ta i mot deg.

Dersom du ikkje har bestilt time, men har behov for å snakke med nokon, kom innom Servicetorget så finn me ei løysing. Vi er her for deg.

Campus Sogndal

Kva vil du vite meir om?