Studierettleiing teknologi, miljø- og samfunnsvitskap
Studierettleiarane våre kan hjelpe deg med spørsmål om utdanningsplanar, permisjon, tilrettelegging av studiesituasjon, utveksling og annan rettleiing i løpet av studietida. Du kan óg få hjelp med innpassing av utdanning frå andre utdanningsinstitusjonar, gradsoppnåing og vitnemål.
Studierettleiarane i Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap (FTMS) er ikkje enno reorganisert etter samanslåinga av fakulteta FIN og FØS 1. januar 2024. Inntil vidare, er studierettleiarane organisert etter gamle strukturar:
Kva vil du vite meir om?
- TilretteleggingHar du behov for spesiell tilrettelegging for å få ein best mogleg studiekvardag?
- Eksamen og oppgåveSkal du ta eksamen eller levere inn ei oppgåve? Her finn du svar.
- EksamenskodenHer finn du gode råd om eksamen og mestring av studiekvardagen.
- PraksisSkal du ut i praksis? Her finn du informasjon om politiattest, teieplikt, oppmøteplikt m.m.
- PermisjonTreng du ei pause frå studia eller eksamen? Dette må du kjenne til.
- UtvekslingOpplev verda medan du studerer! Reis på utveksling med HVL.
- Vitnemål og autorisasjonDu får automatisk tilsendt vitnemål når siste sensur er registrert.
- KarakterutskriftHar du behov for karakterutskrift, bestiller du dette i Studentweb.
- GodskrivingHar du utdanning frå før og som du trur passar inn i studieløpet ved HVL?
- Mentor via NAVHar du tiltaket «opplæring i ordinær utdanning gjennom NAV» kan du få tilskot til mentor.
- OverflyttingHar du starta utdanninga di ein anna stad, men ønskjer å fullføre hos HVL?
- Sjølvvald bachelorgradDu kan få ein sjølvvald bachelorgrad på grunnlag av 180 studiepoeng. Siste frist for å få utferda slik grad er 1. september 2024.
- StudierettSlik går du fram om du treng lenger tid til å fullføre studiet ditt.