Studentweb
Her finn du ein kort presentasjon av funksjonar i Studentweb.
Du loggar deg på Studentweb via Feide, med brukarnamnet og passordet ditt. Dersom du ikkje har dette, loggar du inn med fødselsnummer og PIN-kode eller med ID-porten.
Logg på Studentweb
I Studentweb finn du følgjande informasjon:
Profil
Oppe til høgre finn du profilen din. Her kan du:
- oppdatere kontaktinformasjonen din
- logge ut
Les her kva du må gjere dersom du endrar namn medan du er student ved HVL.
Betaling
Her finn du betalingsinformasjon for semesteravgift.
Studium
Under dette menypunktet finn du utdanningsplanen din.
Aktive emne
Her ser du kva emne du er undervisnings- og vurderingsmeldt til. Vurderingsmeldt vil seie at du er oppmeldt til eksamen.
Her finn du også eksamensinformasjon som:
- eksamensdato
- kandidatnummer
- innleveringsfristar
- romplassering
- innvilga tilretteleggingstiltak
Dersom du har gått inn på eit emne, og infoen over ikkje er synleg, klikkar du på den grøne haka foran teksten. Du kan også finne denne infoen under «Kommende hendelser».
Resultat
Her finn du eksamensresultat. Du finn også informasjon om data som er rapportert inn til Lånekassen.
Grunngjeving og klage på karakter
Du kan be om grunngjeving eller klage på karakter.
Dokument
Her kan du sjå e-postar og sms sendt frå høgskulen. Du kan og laste ned det digitale vitnemålet ditt.
Bestilling
Her kan du bestille politiattest, karakterutskrift, semesterkvittering og stadfesting av studentstatus.
Lurer du på noko?
For spørsmål som gjeld studium og din utdanningsplan, ta kontakt med studierettleiar.
For spørsmål som gjeld eksamen og vurderingar, ta kontakt med eksamen@hvl.no
For andre spørsmål, ta kontakt med servicetorget.