Skikkavurdering

Skikkavurderinga skal sikre at barn, elevar, pasientar og brukarar av ulike tenester ikkje møter yrkesutøvarar som er uskikka for det arbeidsområdet dei utdannar seg for.

Denne nettsida er under revidering og skal vere ferdig 1. august 2024.

Skikkavurdering er regulert av forskrift om skikkethetsvurdering i høyere utdanning.

Vurderingskriterium

Løpande skikkavurdering

Kven gjeld løpande skikkavurdering for?

Løpande skikkavurdering gjeld alle studentar på ei utdanning som er underlagt forskrift om skikkavurdering.

Oversikt over kva utdanningar som har skikkavurdering

Kva er løpande skikkavurdering?

Løpande skikkavurdering er ei heilskapleg vurdering av studenten sine faglege og personlege føresetnadar for å kunne utøve yrket. Dersom det oppstår tvil om ein student er skikka, vert særskilt skikkavurdering gjennomført.

Løpande skikkavurdering skjer gjennom heile studiet, jf. skikkaforskrifta §2.

Kvifor har vi løpande skikkavurdering?

Løpande skikkavurdering skal avdekke om studenten har dei personlege og faglege føresetnadane som er naudsynt for framtidig utøving av det yrket som utdanningen kvalifiserer til.

Korleis fungerer løpande skikkavurdering?

Info kjem

Tvilsmelding

Er du i tvil om en student? Skjema for å melde tvil

Kven kan melde tvil?

Alle som er i kontakt med studentar kan levere tvilsmelding, til dømes praksislærar og faglærar, studentar, praksisfeltet og administrativt personale.

Den som leverer tvilsmelding er ikkje part i saka og har ikkje krav på tilbakemelding.

Har studenten fått ikkje bestått i praksis?

Ved ikkje bestått praksis skal høgskulen og praksisstaden vurdere om det er grunnlag for å sende tvilsmelding når studenten går på eit studieprogram underlagt skikkavurdering, jf. Uhl § 4-10 (1).

Særskild skikkavurdering

Kven gjeld særskild skikkavurdering for?

Ein student kan bli vurdert som uskikka for yrket dersom studenten utgjer ein mogleg fare for fysisk og psykisk helse, rettar og tryggleik eller livet til barnehagebarn, elevar, pasientar, klientar og brukarar studenten vil komme i kontakt med under praksisstudia eller under framtidig yrkesutøving.

Kva er særskild skikkavurdering?

Særskild skikkavurdering startar med ei tvilsmelding.

Dersom det er grunngitt tvil om ein student er skikka til yrket, skal det gjennomførast særskild skikkavurdering jf. forskrifta §2.  Særskild skikkavurdering kan få følger for individuell utdanningsplan, inkludert i høve til utveksling og overflytting mellom campusar.

Tvilsmelding som tydeleg er ugrunna skal ikkje behandlast av institusjonsansvarleg. 

Forvaltningslova sine reglar om sakshandsaming gjeld ved særskild skikkavurdering.

 

Kvifor har vi særskild skikkavurdering?

Info kjem

Korleis fungerer særskild skikkavurdering - saksgang

Informasjonen er under arbeid.

Institusjonsansvarlege skal følgje opp innleverte tvilsmeldingar i samsvar med forskrifta § 10:

  • Varsle studenten skriftleg om at det er meldt grunngitt tvil om vedkomande er skikka.
  • Kalle inn studenten til vurderingssamtale. Studenten kan ha med ein talsperson.
  • Det skal lagast skriftleg referat frå vurderingssamtalen. Referatet skal innehalde ein omtale av kva saka gjeld, og eventuelle planar for utvida oppfølging og rettleiing av studenten.
  • Studenten skal få tilbod om utvida oppfølging og rettleiing dersom det ikkje er heilt tydeleg at slik oppfølging ikkje er eigna til å hjelpe studenten.
  • Institusjonsansvarleg har ansvar for at det blir utarbeidd ein plan for utvida rettleiing i høve dei aktuelle vurderingskriteria i forskrifta, og for å vurdere resultatet av den utvida rettleiinga.
  • fremje saker om skikkavurdering for Skikkavurderingsnemnda dersom utvida oppfølging og rettleiing ikkje fører til ønska endring hos studenten
  • bidra med informasjon til studentar og tilsette på dei aktuelle utdanningane om ordninga med skikkavurdering 
  • Praksisperiodar kan utsettast til etter at utvida rettleiing er avslutta.
  • Ein student som er under særskild skikkavurdering kan ikkje reise på utveksling til utlandet, jf reglement for delstudium i utlandet.

Kva er utvida oppfølging og rettleiing

Ein student som er under særskild skikkavurdering, får tilbod om utvida oppfølging og rettleiing, og får då tildelt ein rettleiar ved høgskulen.

Det blir vurdert i kvart tilfelle kva som er hensiktsmessig løysing for utvida oppfølging og rettleiing.

Formålet med utvida oppfølging og rettleiing:

  • Situasjonen/e som har utløyst tvilsmeldinga, blir belyst mest mogeleg nyansert gjennom studenten sine refleksjonar over det som har skjedd, gjennom samtalar med rettleiar.
  • Rettleiinga skal stimulere studenten til eigenrefleksjon, utvikling og endring knytt til innhaldet i tvilsmeldinga.

Rammer for utvida oppfølging og rettleiing:

  • Rettleiar sin rolle er å rettleie med utgangspunkt  tvilsmeldinga, ikkje vurdere om studenten er skikka for framtidig yrkesutøving.
  • Rettleiar har teieplikt, men vil ha dialog med skikkaansvarleg om saka.
  • Rettleiar får tilsendt referat frå vurderingssamtalen med skikkaansvarleg, og eventuelt tvilsmeldinga, før første rettleiingssamtale.
  • I referatet frå vurderingssamtalen blir det foreslått eit timetal for rettleiing, men dette kan bli justert etter dialog mellom skikkaansvarleg og rettleiar undervegs.
  • Rettleiar skriv ei oppsummering etter kvar samtale, som blir samanfatta i ein sluttrapport. Rettleiar sender rapporten til skikkaansvarleg.

Innhald i utvida oppfølging og rettleiing:

  • Rettleiinga er meint å støtte og utfordre studenten til å finne sin eigen veg ut av denne utfordrande situasjonen.
  • Studenten får ulike oppgåver som skal stimulere til refleksjon over eiga rolle i yrkesutøvinga.
  • Studenten må rekne med førebuing til samtalane. Dette kan vere i form av rettleiingsgrunnlag, refleksjonsnotat, case eller liknande.

Skikkavurderingsnemnd og nemnd for studentsaker

Skikkavurderingsnemnda sitt ansvar

  1. Saker som blir lagt fram for Skikkavurderingsnemnda skal innehalde all skriftleg dokumentasjon i saka. Nemnda skal utrede saka vidare dersom det er nødvendig.
  2. Studenten skal varslast i god tid om tidspunkt for møtet, og gjerast kjend med opplysningane i saka (jf. §§ 18 og 19 i forvaltningslova). Studenten skal ha høve til å legge fram synspunkta sine for nemnda før møtet. Studenten har rett til å få dekt utgifter til advokat eller annan talsperson etter reglane i universitets- og høgskolelova § 4-10 (5) frå saka blir fremja for Skikkavurderingsnemnda.
  3. Skikkavurderingsnemnda utarbeider innstilling til høgskulen si nemnd for studentsaker med vurdering av om studenten er skikka eller ikkje, om vedkomande bør stengast ute frå aktuell utdanning og lengd på eventuell utestengingsperiode. Innstillinga kan og omhandle vilkår for at studenten skal få starte opp att på utdanninga. Skikkavurderingsnemnda si innstilling skal gjerast med to tredels fleirtall.

Medlemmer i Skikkavurderingsnemnda

Nemnd for studentsaker sitt ansvar

  1. På bakgrunn av innstillinga frå Skikkavurderingsnemnda gjer Nemnd for studentsaker sjølv vedtak om at ein student ikkje er skikka etter reglane i universitets- og høgskolelova § 4-10 (6). Det skal ikkje skrivast ut vitnemål for utdanning til ein student som er funnen ikkje-skikka.
  2. Dersom ein student som er funnen ikkje-skikka skal stengast ute frå utdanninga, skal det gjerast særskilt vedtak om dette. Studenten kan stengast ute frå utdanninga i inntil fem år. Ved kortare utestenging kan Nemnd for studentsaker stille vilkår som må vere oppfylte før studenten kan starte opp att på utdanninga.
  3. Vedtak om utestenging skal opplyse studenten om at vedkomande ikkje kan søke eller ta i mot plass ved andre tilsvarande utdanningar i utestengingsperioden, og at han/ho må søke nytt opptak dersom studenten ønskjer å starte opp att på utdanninga etter utestengingsperioden.

Medlemmer i nemnd for studentsaker

Kontaktinformasjon