Dramatisering

Praksis i drama og anvend teater

I løpet av alle tre studieåra skal du gjennomføre 39 dagar praksis.

Før praksisstart

Du må sikre at politiattest er levert til HVL i god tid før praksisstart.

Les gjennom informasjon på denne nettsida, i Canvas og emneplanen for ditt aktuelle studieår. I tillegg er det viktig at du er kjend med studieplanen.

Tildeling av praksisplassar

Du vil bli tildelt praksisplass av Høgskulen på Vestlandet, og informert om dette via Canvas. 

Førebuing til praksis og planlegging av undervisning

Du vil få informasjon av faglærar i forkant av kvar praksisperiode om korleis den skal planleggast. Faglærar arrangerer også praksisførebuande møte/undervisningsøkt før kvar praksisperiode.  

Vurdering av praksis

Sluttvurderingsskjemaer: 

1. studiår:

DRA301A og DRA303A - bokmål

DRA301A og DRA303A - nynorsk 

2. Studieår: 

DRA306 - bokmål

DRA306 - nynorsk

Praksislærar skal fylle ut sluttvurderingsskjema som studenten skal få siste dag i praksis.
Innlevering av sluttvurdering skal gjerast av studenten i Canvas.

Ved fare for ikkje bestått praksis skal praksislærar fylle ut skjemaet "Varsel om fare for ikkje bestått praksis". Deretter vert studenten kalla inn til rettleiingssamtale der praksislærar går gjennom kva studenten må forbetre for å bestå praksis. 
Skjemaet "Varsel om fare for ikkje bestått praksis" (nynorsk)
Skjemaet "Varsel om fare for ikke bestått praksis" (bokmål)

Evaluering etter praksis

Etter praksis sett vi pris på ei evaluering av korleis du har opplevd praksis. Du vil få informasjon om dette i Canvas.

Tidspunkt for praksisperiodar  og lenke til tilhøyrande emneplanar

Praksisperiodar 2023-2025

1. studieår: Gjeld studieåret 2024-2025

Inn i drama (DRA301A):                                                                           

Haust: Ein dag punktpraksis i grunnskule, barnehage eller kulturskule med utprøving av dramametodar og rettleiing av praksislærar.

Dramapedagogikk (DRA303A) 

Vår: Tre dagar punktpraksis på same stad og med same praksislærar som DRA301A (grunnskule, barnehage eller kulturskule) der du utviklar og leiar eit dramaforløp tilpassa målgruppa.

Munnleg fortelling (DRA302):

Haust: Fire dagar punktpraksis med ulike fortellaraktivitetar som førestilling og fortellarverkstad. Praksis kan gjennomførast i skule eller på ein utvald samfunnsarena. Faglærar frå HVL har ansvar for oppfølging.

2. studieår: Gjeld studieåret 2023-2024

Mellom sal og scene (DRA306):

Haust: 15 dagar prosjektpraksis i grunnskulen. Praksis vert fordelt på punktpraksis og minst to veker samanhengande praksis veke 46-48. Nøyaktig tidspunkt vert avtalt mellom praksislærar og faglærar ved HVL.

TIU/Anvendt teater (DRA308):

Vår: 25 timar praksis i form av turné i grunnskulen. Faglærar ved HVL har ansvar for oppfølging og informerer nærare om tidspunkt for gjennomføring.

3. studieår: Gjeld studieåret 2024-2025

Litteratur, lesing og formidling 3.studieår (DRA310):

Haust: Seks dagars praksisturne, tre dagar i grunnskule 1-7  og tre dagar i eldresenter/omsorgsheim med oppfølging av faglærar ved HVL.

Regi: Eige prosjekt på ein vald samfunnsarena (DRA311):

Vår: Eige prosjekt på ein vald samfunnsarena. Minimum 30 timar praksis med rettleiing frå faglærar.

Har du spørsmål? 

Ta kontakt med praksisadministrasjonen ved FLKI via kontaktskjema

Dette må alle kjenne til: