Informasjon til praksisfeltet - grunnskule
På denne sida finn du informasjon som er relevant for grunnskular som tek imot studentar frå lærarutdanningane. Informasjonen er primært knytt til rettleiarutdanning, avtalar, økonomi og informasjon om planlegging av praksis for neste studieår.
Høgskulen på Vestlandet og praksisskulane er likeverdige samarbeidspartnarar som har eit felles ansvar for innhald, kvalitet, vurdering og for progresjonen i praksisopplæringa.
Viktig informasjon om praksis for dei ulike utdanningane og som alle partar må kjenne til finn du på nettsida praksis for lærarutdanning, kultur og idrett.
Rettleiarutdanning for praksislærarar
HVL sitt tilbod om rettleiarutdanning og anna vidareutdanning
Høgskulen tilbyr nett- og arbeidsplassbasert vidareutdanning i rettleiing, felles for praksislærarar ved campusane på Stord, i Sogndal og Bergen. Vidareutdanninga består av to emne på 15 studiepoeng kvar, eit grunnemne (emne 1 søknadsfrist 15.april) og eit påbyggingsemne (emne 2 søknadsfrist 15.november.) Les meir om profesjonsretta rettleiarutdanning på denne sida.
I tillegg er det muleg å søke vidareutdanning i rettleiing hos Utdanningsdirektoratet gjennom kompetanse for kvalitet. Les meir på høgskulen sine nettsider om rettleiarutdanning (Søknadsfrist til Udir 1.mars)
Du kan også lese meir om HVL sitt tilbod om vidareutdanning innan skule og utdanning.
Avtalar og økonomi
Informasjon om avtalar med skular og kommunar
Samarbeidsavtale på kommunenivå
Gjennom godt og gjensidig samarbeid mellom kommunane, den enkelte skule og Høgskulen på Vestlandet (HVL) skal vi i fellesskap utdanne gode lærarar og bidra til rekruttering av kvalifiserte profesjonsutøvarar. Å sikre gode praksisplassar til studentane som skal bli framtidas lærarar, er ei viktig oppgåve for begge partar.
Høgskulen har sidan juni 2022 signert samarbeidsavtale med følgjande kommunar: Alver, Austevoll, Askøy, Bergen, Bjørnafjorden, Bømlo, Haugesund, Karmøy, Luster, Sogndal, Stord, Sunnfjord, Tysvær, Øygarden og Årdal.
Det overordna formålet med avtalen er å sikre tilstrekkeleg og føreseieleg kapasitet på praksisplassar og god kvalitet i praksisopplæringa. Samarbeidsavtalen skal bidra til meir samarbeid og tydlegare ansvarsfordeling mellom involverte partar.
Partnaravtale med faste partnarskular
HVL har inngått partnaravtalar med faste partnarskular med verknad frå 1.august 2023. HVL utarbeider årlege vedlegg til praksisavtalen som konkretiserer tal studentar praksisstaden skal ta imot.
Mal partnaravtale partnarskule
Årleg avtale om praksis med praksiskular
I tillegg til partnaravtalar inngår HVL etter behov årlege avtalar med praksisskular som ikkje har partnaravtale.
Informasjon om statisk sats
Skulen får betalt ein fast sats per student per dag i praksis. Satsen bygger på og er forankra i øvingslæraravtalane. Den er også knytt til tariff-festa lønn i skulen og vil bli regulert i tråd med årleg lønnsjustering.
Samarbeidsavtalen på eigarnivå og partnaravtalane på institusjonsnivå tek utgangspunkt i prinsippet om at praksisrettleiing inngår i årsverket til lærarar i skule og barnehage. Skuleeigar og rektorar samarbeider med aktuelle organisasjonar og tilsette som er involvert i praksisopplæringa om disponering og fordeling av tildelte midlar.
For skuleåret 2023/24 er satsen på kr 560,-.
Satsen skal dekke utgifter til nedsett undervisning og skal kompensere for ekstraarbeidet skuleleiar og tilsette har i samband med praksisopplæring i skulen.
Grunnlag for sats:
Kompensasjon for arbeidstimar kr 439,-
Satsen tar utgangspunkt i lektorstigen, lektor med tilleggsutdanning og 10 års ansiennitet, med påslag for sosiale kostnader.
Timebruk per student er berekna til 0,875 t. per dag og tilsvarar 0,0583% undervisning. Dette inkluderer tid til møte, førebuing, etterarbeid, rettleiing, vurdering, kompetanseheving og generelt samarbeid med høgskulen. Timesatsen blir justert årleg i tråd med sentralt avtalt lønnsjustering og med verknad frå oppstart nytt studieår.
Godtgjering kr 121,- (sats i øvingslæraravtalen omrekna til sats per dag per student)
- kr 80,- i betaling til praksislærar
- kr 16,- til fordeling til dei med rettleiarutdanning/eventuelt teamkoordinator
- kr 25,- til skulen/rektor for organisering av praksis
Partnarskulane får også eit administrasjonstillegg på kr 2000 til fri disposisjon.
Godtgjering kan reforhandlast i tråd med samarbeidsavtalen på eigarnivå pkt.7.
Kontakt leiaren din om du har spørsmål knytt til godtgjering som praksislærar.
Planlegging av praksis
Informasjon frå høgskulen
Februar/mars:
- Høgskulen sender informasjon til samarbeidsskulane om neste års studier og behov for praksisplassar.
Mars/april:
- Høgskulen held informasjonsmøter for skuleleiarane/praksisansvarlege.
Informasjon frå skulane
Februar/mars:
- Skuleleiinga kartlegg skulen sin kapasitet til å ta imot studentar fordelt på praksislærarar/team.
- Skuleleiinga/praksisansvarleg har ansvar for å sikre at praksislærarane/teama fyller krava til kompetanse og har ei lærarstilling som egner seg til å ta imot og rettleie studentar.
Mars/april:
- Skuleleiinga fyller ut informasjon om praksislærarar/team (fag/undervisningstrinn) og ønske om praksisomfang i Praksisportalen. Frist for registrering i Praksisportalen vil de få opplyst i e-post.
Årleg kontraktsvedlegg
April/mai:
- På bakgrunn av informasjon frå skulane utarbeider høgskulen forslag til årlege kontraktsvedlegg.
- Skuleleiinga godkjenner det årlege kontraktsvedlegget i Parksisportalen.
- Dersom det ikkje allereie er meldt inn, registrerer skulen også namn på praksislærarar, informasjon om årstrinn og fag i Praksisportalen.
Mai/september:
- Dialog mellom HVL og skule om eventuelle endringar før endelege praksislister vert publisert.
Refusjon av skulen sine praksisutgifter
Skulen sender samla krav om praksisrefusjon til høgskulen to gonger i året.
Frist: 1.desember i haustsemesteret og 1. juni vårsemesteret.
Skulen (eventuelt kommunen) sender faktura på avtalt beløp til høgskulen. Kontraktsvedlegget brukast som vedlegg til faktura. Faktura kan ikkje sendast i post/papirform.
Fakturainfo:
E-fakturaadresse: 0192:917641404
Høgskulen på Vestlandet
Postboks 7030
5020 Bergen
Organisasjonsnummer: 917641404
Hugs å oppgi rett referanse/bestillarkode:
- Campus Bergen: 485018
- Campus Sogndal: 485032
- Campus Stord: 485020
Dersom leverandør ikkje har moglegheit til å sende faktura elektronisk, kan faktura sendast gjennom vår fakturaportal.
Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet
Bergen:
Jorunn Anette Henriksen (GLU 5-10)
Eva Kristin Garlaus Knutsen (GLU 1-7)
Stord: Katharina Reksten Tufteland
Sogndal: Marie Gasmann Hermansen