Krav til oppmøte
Her finn du som student informasjon om krav til oppmøte når du er i praksis.
Krav om oppmøte kan ikkje fråvikast på grunn av sjukdom, gyldig eller ugyldig fråvær. Når kravet til oppmøte ikkje er oppfylt, blir praksisen vurdert til ikkje bestått.
Krav om oppmøte går fram av studieplanen eller emneplanen din. Du finn også nærare informasjon knytt til fråvær på praksisnettsidane for dei einskilde utdanningane.
I dei tilfella det er tvil om studenten vil nå måla for læringsutbyttet og bestå praksis, og tvilen oppstår før studenten er halvvegs i praksisperioden, skal studenten få skriftleg varsel og tilbod om oppfølgjande samtale med praksisstaden og høgskulen. Varsel og samtale skal finne stad minst tre veker før praksisperioden er slutt. Ved praksisperiodar på fem veker eller mindre skal varsel og samtale bli gitt halvvegs i perioden. Det skal førast referat frå samtalen og studenten har rett til å levere merknad til referatet.
Gyldig fråvær frå praksis
For å bestå praksis, må gyldig fråvær takast opp igjen i samsvar med reglar for den einskilde utdanninga. Høgskulen avgjer i kvart enkelt tilfelle kva som er gyldig fråvær. Døme på gyldig fråvær er:
- eigen sjukdom og barn sin sjukdom
- dødsfall i nær familie eller hos andre studenten har eit nært forhold til
- gravferd eller bisetjing, jf. førre punkt
- pålegg frå offentleg mynde om at studenten pliktar å møte fram ein annan stad
- forhold utanfor studenten sin kontroll som gjer det sterkt urimeleg å krevje at studenten gjennomfører ein eller fleire dagar av praksisperioden.
Eit anna døme på gyldig fråvær er studentar med verv i høgskulen sine vedtatte organ og utval, som fremgår av punkt 3 i samarbeidsavtalen mellom HVL og Studenttinget. Under visse føresetnader erstatter slikt fråvær dagane i praksis og skal ikkje tas igjen. Les meir om det i punkt 6 i samarbeidsavtalen.
Krav til dokumentasjon
- Sjukdom kan dokumenterast med ein attest frå lege, psykolog eller annan sakkunnig person, eller ved at studenten leverer eigenmelding. Attesten eller eigenmeldinga må opplyse om at den er skriven i samband med fråvær frå praksis arrangert av Høgskulen på Vestlandet, og at fråværet gjeld ein bestemt dag eller dagar. Når studenten sin praksisperiode har starta må attest frå lege, psykolog eller annan sakkunnig person, eller eigenmelding, vere skriven og sendt til høgskulen seinast éi veke etter sjukdommen oppstod. Studenten må gi snarleg melding om fråvær til høgskulen og til praksisstaden om praksis har starta. Sjå § 11-8 om tidsfristar og krav til dokumentasjon.
- Ved dødsfall, gravferd eller bisetjing må studenten oppgje kven som har gått bort og kva for relasjon studenten hadde til avdøde.
- Ved organisasjonfri skal studenten orientere om dette seinast ei veke før til fag- eller praksislærar/rettleiar. Fråværet dokumenterast ved innkalling og deltakarliste i forkant, og skriftleg dokumentasjon i etterkant.
- Andre omstende som blir rekna som gyldig fråvær må dokumenterast.
For korte praksisperiodar som er på tre veker eller mindre, kan andre reglar gjelde. Sjå studieplanen din for meir informasjon.