Praksis i vernepleie
Her finn du informasjon om praksis til deg som er student ved vernepleieutdanninga.
Før praksis må du lese studieplan, emneplanen for det aktuelle praksisemne og følgje med på informasjon som blir gitt i Canvas. I tillegg er det viktig at du er kjent med felles informasjon om praksis.
Studieplan, emneplan og praksisperiodar for studieåret 2023/24
Under finn du førebels planlagte tidspunkt for praksisperiodar i studieåret 2023/24, det kan kome endringar. Du finn også lenke til emneplan for studieåret 2023/24, og studieplan.
Vel din studiestad:
Bergen og Sogndal - heiltid
Studieplan: kull 2023 | kull 2022 | kull 2021
Første studieår:
Våren 2024 er det planlagt praksisperiode i veke 14-23.
Andre studieår:
Våren 2024 er det planlagt praksisperiode i veke 2-11.
- Emneplan: VPLP200 Helse, miljø og omsorgspraksis
Tredje studieår:
Hausten 2023 er det planlagt praksisperiode i veke 42-51.
Studentar som deltek i Crossing borders starter i praksis tre veker før, i veke 39.
- Emneplan: VPLP300 Vernepleie i praksis
Haugesund og Sogndal - deltid
Andre studieår - kull 2022, Sogndal/Haugesund:
Hausten 2023 er det planlagt praksisperiode i veke 34-45.
Tredje studieår - kull 2021, Sogndal/Haugesund:
Hausten 2023 er det planlagt praksisperiode i veke 34-45.
- Emneplan: VPDP200 Helse, miljø og omsorgspraksis
Tildeling av praksisplass
Vi innhentar praksisplassar for alle studentar. Du får beskjed i Canvas om kvar du får praksisplass.
Les meir om kvar du kan ha praksis
Campus Bergen
Du vil i houvdsak få praksisplass i Bergensområdet. For praksis i andre og tredje studieår kan det vere aktuelt med eit større geografisk praksisområde, men innan tidlegare Hordaland.
Campus Sogndal
Om du er fulltidsstudent, vil du i hovudsak få praksisplass i tidlegare Sogn og Fjordane.
Om du er deltidsstudent, vil vi forsøke å legge til rette for at du får praksisplass slik at du kan bu heime i praksisperiodane. Då det kan vere ulik tilgang på praksisplassar, må du rekne med å pendle. Om du ønsker praksis andre stadar i landet der høgskulen ikkje har praksisplassar, må vi avklare først om det er mogleg.
Campus Haugesund
Som deltidsstudent vil vi forsøke å legge til rette for at du får praksisplass slik at du kan bu heime i praksisperiodane. Då det kan vere ulik tilgang på praksisplassar, må du rekne med å pendle. Om du ønsker praksis andre stadar i landet der høgskulen ikkje har praksisplassar, må vi avklare først om det er mogleg.
Vurdering av praksis
Du og praksisrettleiar må fylle ut skjema for sluttvurdering av praksis. Du leverar inn skjema for praksisvurdering i det digitale verktøyet Wiseflow. Vurderingskjema finn du under.
Arbeidstid, turnus og raude dagar
Som houvdregel skal du følge arbeidstiden til praksisrettleiaren din. Nokon studentar vil ha vaktar på dagtid, andre turnus, langvakter eller medleverturnus (heildøgnturnus). I nokre studiar kan nattevakter vera obligatorisk. Normalt avtaler du turnus ved praksisstart med praksisrettleiar og praksislærar.
Meir om arbeidstid, turnus og raude dagar
Avsatt tid til sjølvstudium skal tilpasses arbeidsrutinar på praksistaden, og er noke student og rettleiar blir enige om.
Det vert normalt ikkje forventa at du er i praksis på bevegelege heilagdagar. Tal på timar for praksis/lengde på praksis kjem fram i emneplanen, og gjeld uavhengig av heilagdagar i samband med høgtider (raude dagar).
Som student må du sørge for at du har nok timar til å få godkjent praksis. Fråvær meir enn 10% fører til ikkje godkjend praksisperiode. Turnus skal normalt være jevnt fordelt gjennom praksisperioden, du kan difor ikkje samle opp timar og ta ut friperiodar.
Medlevarturnus er aktuelt på nokre praksisplassar/institusjonar. Det betyr at dei tilsette har ei turnusordning der dei har vakter som går over fleire døgn, og deretter ein friperiode. Ingen studentar kan bli pålagt å ta praksis med medlevarturnus.
Langvakter er aktuelt på nokre praksisplassar. Det vil seie at ein har færre, men lengre vakter. Vaktene ofte er 12 timar eller meir. Studentar kan ikkje bli pålagt langvakter. Men dersom slik turnus er aktuell på praksisstaden kan det avtalast mellom student, praksisrettleiar og praksislærar.
Sjå også: Krav til oppmøte i praksis
Arbeidstøy, hygiene og mobilbruk
Det vert stilt særskilte krav både til bruk av arbeidstøy og til hygiene når du er student i praksis. Generelt skal du framstå og kle deg nøytralt og hensiktsmessig. Privat bruk av mobil skal som hovudregel ikkje nyttas i arbeidstida.
Meir om arbeidstøy og hygiene
Arbeidsklede og sko
Nokre praksisstader krever uniform, dette får du som regel låne på praksisstaden. På andre praksisplassar går alle sivilt kledde, og du må sjølv sørge å kle deg nøytralt og hensiktsmessig.
Velg alltid gode innesko som gir god støtte for foten. Sko og sokkar skal vere reine.
Dersom du bruker hijab og skal ha praksis der dei krever uniform, må du kontakte praksisstaden seinast 10 dagar før praksis, slik at dei eventuelt kan bestille hijab på førehand.
Namneskilt
Skal du ha praksis på sjukehus, sjukeheim og liknande må du skaffe deg namneskilt med fornamn og etternamn, og kva studium du er student ved.
Røyking, snus og alkohol
Røyking og snusing er ikkje tillatt. Du kan ikkje innta alkohol eller andre rusmiddel åtte timar før arbeidsdagen startar. Sjå helsepersonelloven §8. Pliktmessig avhold
Hender og neglar
Hender skal alltid vere reine, og negler skal vere korte, velstelte og utan lakk.
Hår, skjegg og bart
Hår, skjegg og bart må vere reint og velstelt. Skjegg og bart skal vere kort. Langt hår skal vere i hestehale eller liknande.
Smykker m.m.
Av hygienegrunner er det ikkje tilatt å ha på smykker, øyredobbar, ringar eller armbåndsur.
Kosmetikk
Sminke skal vere diskre. Deodorant og hudkrem bør vere uparfymert.
Mobil og nettbruk
Bruk av privat mobil skal vere moderat, og skal ikkje brukes i kliniske situasjonar. Dersom du av private grunnar må være tilgjengleg på mobil, må du avtale dette med praksisrettleiar. Bilete eller omtale frå praksisstaden skal du ikkje dele med andre eller legge ut på sosiale medium, om det ikkje er klarert på førehand.
Legemiddelhandtering
Meir om legemiddelhandtering
Praktisk opplæring i legemiddelhandtering skal gå føre seg ved at autorisert helsepersonell, med kompetanse innan legemiddelhandtering, er til stades og kontrollerer. Dette gjeld i utgangspunktet alle stadium av legemiddelhandteringa frå istandgjering, kontroll til utdeling.
Høgskulen sitt ansvar
Høgskolen på Vestlandet har ansvar for at studenten får nødvendig undervisning knytt til lovverk, forskrift og rutinar rundt legemiddelhandtering i praksisfeltet, samt tydeleggjere krav til progresjon i studiekrav knytt til handtering av legemidlar gjennom utdanninga.
Praksisstaden sitt ansvar
Det er leiar ved praksistaden som har ansvar for å utarbeide skriftleg prosedyre for kven som skal vurdere studenten sin reelle kompetanse. Leiar må enten ha medisinsk eller farmasøytisk embetseksamen eller utpeke ein rådgivar med slik kompetanse.
Praksisrettleiar skal gjennom praksisstudiene rettleie og vurdere
studenten, slik at studenten gradvis kan oppnå kompetanse knyttet til legemiddelhandtering, og dermed handtere legemidlar på ein forsvarleg måte.
Studenten sitt ansvar
Studenten har ansvar for å følgje rutinar og retningslinjer som gjeld for handtering av legemidlar på praksisplassen. Studenten er, som anna helsepersonell, personleg ansvarleg for eigne handlingar, og har plikt til å si frå om behov for rettleiing og opplæring.
Studenten skal ikkje på eigenhand utføre oppgåver vedrørande legemiddelhandteringen, men kan få en meir sjølvstendig rolle i legemiddelhandteringen etter kvart. Dette skal vere forankra i opplæringa og i tett relasjon med praksisretteiar.
Avvik
Praksisrettleiar må sørge for at avvik som skjer i læringssituasjonen, meldes til høgskolen. Det er viktig at praksisrettleiar tek særskilt hand om studenten når det skjer avvik. Studenten er ansvarleg som helsepersonell for sine eigne feil.
Studentar med arbeidsforhold
Arbeidsstaden/arbeidsgjevar må gjere ei sjølvstendig vurdering av kompetanse. Her gjeld §5-1 i helsepersonellova. Sjå også Legemiddelhåndteringsforskriften 4-4-5