Rutine for praksisvurdering

Her finn du informasjon om innlevering av vurderingsskjema ved Fakultet for helse- og sosialvitskap.

Innlevering av praksisvurderingar skjer i hovudsak i det digitale verktøyet WISEflow. Det skal være to sensorer som vurderer praksis jmf. UHR loven § 3-9. (2).

Vurdering av praksis

  • Vurderingsskjema ligg på Praksissida for utdanninga.
  • Praksisrettleiar (sensor 1) på praksisplassen fyller ut vurderingsskjemaet og går gjennom dette med studenten.
  • Praksisrettleiar (sensor 1) og student signerer vurderingsskjemaet.
  • Kontaktlærar (sensor 2) vurderer praksis i WISEflow.

Innlevering av vurderingsskjema

  • Studenten lastar opp skjemaet i WISEflow innan innleveringsfristen som er gitt. Det er viktig at alle sidene i skjemaet blir lasta opp. Innleveringsfila må vere leseleg. PDF er føretrekt format.

  • Ved manglande signatur, eller manglande komplett dokumentasjon, blir ikkje praksis godkjend.

  • Kontaktlærar (sensor 2) skal sjå til at det er signatur frå både student og praksisrettleiar etter at dokument(a) er lasta opp i WISEflow.

  • Studenten må ta kontakt med Praksisadministrasjonen ved FHS ved spørsmål om innlevering av vurderingsskjemaet.

  • Sensur på praksisemna i Studentweb vil normalt føreligge 3 veker etter praksisemnet er avslutta.


    Her finn du vurderingsskjema

    Lenke til vurderingsskjema finn du på praksissida for den enkelte utdanninga.

 

Treng du hjelp?

Dersom du treng hjelp til innleveringa i Wiseflow, kan du sjå rettleiing på nettsida om heimeeksamen og oppgåveskriving

 

Lurer du på noko? Vi vil gjerne svare deg!
Praksisadministrasjonen ved FHS