Mann i rullestol lager mat.

Praksis i ergoterapi

Her finn du praksisinformasjon til deg som er student ved ergoterapiutdanninga.

Før praksis må du lese studieplan, emneplanen for det aktuelle praksisemne og følgje med på informasjon som blir gitt i Canvas. I tillegg er det viktig at du er kjent med felles informasjon om praksis.

Studieplan, emneplan og praksisperiodar for studieåret 2023/24

Under finn du førebels planlagte tidspunkt for praksisperiodar i studieåret 2023/24, det kan kome endringar. Du finn også lenke til emneplan for studieåret 2023/24, og studieplan.

Campus Bergen

Studieplan: kull 2023kull 2022 | kull 2021

Første studieår:

Hausten 2023 er det planlagt praksisperiode i veke 37. 

Våren 2024 er det planlagt praksisperiode i veke 14-20.

Andre studieår: 

Våren 2024 er det planlagt praksisperiode i veke 1-11.

Tredje studieår: 

Hausten 2023 er det planlagt praksisperiode i veke 38-48. 

Tildeling av praksisplass

Vi hentar inn praksisplassar for alle studentar. Det er gjort ei geografisk fordeling mellom dei fem ergoterapeututdanningane i Noreg, og for Bergen er Vestland og delar av Agder aktuelle for praksisstudier.

Når alle praksisplassane er klare og innvilga særplassar reservert, vert plassane valde av studentane i ei allereie bestemd rekkefølgje. Praksis i somatisk spesialisthelseteneste kan berre veljast ein praksisperiode i løpet av de tre studieårene. Same praksisstad kan heller ikkje veljast fleire gonger. Dette for å ivareta ei så brei praksiserfaring som mogleg i løpet av utdanninga for alle studentar.

Les meir om kvar du kan ha praksisplass

Du vil i hovudsak få praksisplass på Vestlandet eller deler av Agder. 

Arbeidstid og turnus

Du følger same arbeidstid som rettleiar. Ved nokre praksisplassar må du difor rekne med å arbeide turnus, med tidleg og seinvakter.

Tilrettelegging av praksis

Om du har behov for særleg tilrettelegging i praksis eller praksis på ein bestemt stad, finn du meir informasjon på nettsida om tilrettelegging av praksis.

Kven har ansvar for kva i praksis

Når du som student er i praksis er det tre samhandlingspartnarar: student, praksisrettleiar ved praksisstaden og kontaktlærar ved HVL. Alle tre må samarbeide og har sine ansvarsområde.

Ditt ansvar som student

Som student har du følgjande ansvar og oppgåver

  • Kontakte praksisrettleiar før praksisperioden startar for å avtale oppmøtetid og stad.
  • Utarbeide «Mål og plan» i samråd med praksisrettleiar, og sende denne til kontaktlærar innan avtalt frist.
  • Gjennomføre arbeidsoppgaver beskrevet i emnebeskrivelsen.
  • Avtal tid og stad for rettleing kvar veke i samråd med praksisrettleiar, og vere førebudd til rettleiinga.
  • Ta imot tilbakemelding frå praksisrettleiar og bruke denne konstruktivt.
  • Vere engasjert i dei daglege arbeidsoppgåvene på praksisstaden.
  • Sikre at midtvegs- og sluttvurdering blir gjennomført saman med praksisretteiar.
  • Sende inn midtvegs- og sluttvurdering til kontaktlærar. Midtvegsvurdering leveres i Canvas, mens sluttvurdering leveres via Wiseflow.

Dersom det oppstår problem, ta det opp med praksisrettleiar og bring inn kontaktlærar om nødvendig. Viss ikkje rettleiar er aktuell å ta opp problema med, må du involvere kontaktlærar. Jo tidlegare ein tek opp vanskane, jo lettere kan det være å ordne opp i dei.

Praksisrettleiar sitt ansvar

Som praksisrettleiar har du følgjande ansvar og oppgåver

  • Avtale oppmøtetid og stad med studenten før praksisperioden startar. Studenten har ansvar for å ta kontakt med praksisrettleiar om dette.
  • Diskutere «Mål og plan» med studenten, avklare forventningar og praksisstaden sine moglegheitar. Rettleie studenten i å formulere mål og plan for praksis.
  • Fastsette tid og stad for rettleing kvar veke - ein time - til diskusjonar, tilbakemelding og rettleiing. Det er en fordel å avtale emne/problemstilling på forhånd, slik at begge kan førebu seg. Det er viktig at studenten får svar på spørsmål undervegs.
  • Vere tilgjengeleg for studenten og oppmuntre til utvikling gjennom dei ulike stadiene i praksis.
  • Gi råd til studenten i i det faglege arbeidet og moglegheit til å drøfte planar for eigen handlemåte, behandlingsopplegg og tiltak før dei blir satt i verk.
  • Hjelpe studenten underveis i praksis til å se hvor han/hun står i læringsprosessen, bevisstgjøre studentens ressurser, klargjøre læringsbehov og legge forholda til rette for fagleg utvikling, slik at det blir progresjon i den sjølvstende som er forventa av studenten.

Ansvar ved oppgåveskriving

Det er studenten sitt ansvar å skrive oppgåver i forbindelse med praksis. Som praksisrettleiar skal du berre legge til rette for at at det blir mogleg for studenten å skrive oppgåva. Du bør også vere villig til å svare på spørsmål om aktuell bakgrunnsinformasjon, eventuelt kor slik informasjon finnes.

Ytterlegere ansvar for rettleiing på oppgåveskriving ligger hos høgskulen og studenten sin kontaktlærar.

Kontaktlærar sitt ansvar

Som kontaktlærar har du følgjande ansvar og oppgåver

  • Vere ergoterapeututdanningen sin kontakt for den konkret studenten, praksisrettleiaren og praksisstaden.
  • Vurdere og gi respons på studenten sitt læringsmål og plan for praksisperiode.
  • Rettleie og vurdere studenten sin læringsprosess og fungering på praksisstedet, i samråd med praksisrettleiar.
  • Gjennomføre digitalt møte midtvegs i praksisstudiet.
  • Rettleie studenten på de skriftlege oppgåvene studenten skal skrive.
  • Ved behov, vere samtalepartnar for praksisrettleiar i spørsmål om rettleiing.
  • Bidra til å løyse eventuelle samarbeidsproblem mellom student og praksisrettleiar.
  • Holde deg orientert om studenten sine prestasjonar i praksisstudiet.

Mål og plan

mål og plan2.jpg

Som student har du ansvar for å utarbeide «Mål og plan», i samråd med praksisrettleiaren din. Mål og plan må du sende inn til kontaktlærar ved høgskulen for godkjenning innan avtalt frist.

Slik utarbeidar du "Mål og plan"

Mål og plan skal beskrive kva du som student skal ha fått av kunnskap og erfaringar når praksisperioden er gjennomført. Måla tek utgangspunkt i læringsutbytta for kvart praksistudium. Disse finn du i emnebeskrivingane. Førebuing i undervisning før praksis kan også gi innspel til måla du set deg, i tillegg til personlege mål.

Ta utgangspunkt i læringsutbytta og moglegheitane du har på praksisstaden. Vel ut nokre læringsutbytte. For dei valde læringsutbytta formulerer du:

Mål - Det du skal oppnå/lære i praksis. Målet skal være spesifikt, målbart, anvendbart/oppnåelig og realistisk. 

Korleis - Konkretiser kva aktivitetar du skal gjera for å nå målet.

Kven - Kven skal du samarbeide med for å nå målet?

Når - Måla skal vere tidsavgrensa. Du bør tilstrebe å fordela tidspunkt for måloppnåelse på dei ulike måla gjennom praksisperioden.

Ikkje ha for mange mål. Det er anbefalt at du har to mål innan kvart av målområda: kunnskap, ferdigheit og genrelle kompetanse. Formuler måla dine presise og observerbare. Då er det lettare å vurdere måla ved midtvegs- og sluttevaluering.

Skjema for mål og plan

Om mål og plan

Mål og plan skal organisere studenten sin læring i praksisperioden. Den skal vere:

  • eit konkret utgangspunkt ved halv- og heltidsvurdering
  • eit hjelpemiddel for å konkretisere om det er omgjevnaden  som hindrer eller stimulerer læring, eller om det er forhold hos studenten  
  • skal gjere arbeidet motiverende og meningsfylt, fordi studenten veit kva som skal prioriteres i praksisperioden.

I tillegg brukes skjema for midtvegs- og sluttvurdering som ei hjelp for eventuelt å gripe fatt i meir personlege forhold hos studenten.

Vurdering av praksis

Ein vurdering av studenten i praksis skjer midt i og ved avslutning av praksisperioden.

Ved midtvegs- og sluttvurdering tar praksisrettleiar og student utgangspunkt i:

  • Generelle læringsmål for praksisperioden
  • Studenten sine læringsmål og plan for praksisstudiet
  • Forskrift om skikkethetsvurdering i høyere utdanning

Både studenten sin eigenvurdering og praksisrettleiar sin vurdering skal kome klart fram i vurderinga. Det skal også konkretiseres kva studenten bør arbeide vidare med.

Skikkavurdering

Skikkavurdering skal foregå gjennom heile praksisstudiet, og dokumenteres ved midtvegs- og sluttvurdering. Skjema for skikkavurdering finnes i «Midvegs- og sluttvurderingsskjema for ergoterapi» for de ulike praksisperiodane.

Du finn meir informasjon på hvl.no/skikkavurdering.

Midtvegsvurdering

Midtveisvurderinga er munnleg med skriftleg konklusjon, om studenten har forventa eller ikkje-forventa progresjon så langt i praksisperioden. Vurderinga bør gjennomførast halvvegs i praksisperioden, og før avtalt digital praksisoppfølging frå kontaktlærer.

Før midtvegsvurderinga fyller studenten ut punkta om eigenvurdering knytt opp mot læringsutbytta i vurderingsskjemaet. På grunnlag av dette gjennomføres ein munnleg midtvegsvurdering. Praksisrettleiar konkluderer skriftleg i vurderingsskjemaet om studenten har forventa eller ikkje forventa progresjon i praksisstudiet, og kommenter på aktuelle punkt i skjemaet.

Ved midtvegsvurdering kan det gjøres justering av læringsmål og plan når ein ser at dette er nødvendig. Store endringar tas opp med kontaktlærar. Eventuell kopi av justert «mål og plan» sendes kontaktlærar så snart som mogleg.

Studenten har ansvar for å sende inn vurderingsskjemaet til høgskolen innen gitt frist.

Sluttvurdering

Sluttvurdering er både munnleg og skriftleg. Vurdering og konklusjon skal skrives ned på eigne skjema av praksisrettleiar og studenten.

  • Praksisrettleiar anbefaler praksisperioden som bestått eller ikkje-bestått siste praksisdag.
  • Både praksisrettleiar og student signerer på vurderingsskjemaet.
  • Studenten laster opp vurderingsskjemaet i WISEflow umiddelbart etter praksisslutt.
  • Kontaktlærar ved høgskulen vurderer om praksisperioden er bestått eller  ikkje-bestått.
  • Sensur blir registrert tre veker etter at praksisperioden er avslutta. 

Ved tvil om bestått praksis

Oppstår det tvil om praksis kan vurderes til bestått, har praksisrettleiar plikt til å kontakte kontaktlærar umiddelbart. For meir informasjon om rutinen i slike saker, sjå:

Klageadgang ved vurdering i praksis fremgår av universitets- og høgskoleloven §5-2  og 5-3. Studenter kan påklage formelle feil, men ikke vurdering av praksisstudier.

Arbeidstid, turnus og raude dagar 

Som houvdregel skal du følge arbeidstida til praksisrettleiaren din. Nokon studentar vil ha vaktar på dagtid, andre turnus, langvakter eller medleverturnus (heildøgnturnus). Normalt avtaler du turnus ved praksisstart med praksisrettleiar og kontaktlærar. 

Meir om arbeidstid, turnus og raude dagar

Avsatt tid til sjølvstudium skal tilpasses arbeidsrutinar på praksistaden, og er noke student og rettleiar blir enige om.

Det vert normalt ikkje forventa at du er i praksis på bevegelege heilagdagar. Tal på timar for praksis/lengde på praksis kjem fram i emneplanen, og gjeld uavhengig av heilagdagar i samband med høgtider (raude dagar).

Som student må du sørge for at du har nok timar til å få godkjent praksis. Fråvær meir enn 10% fører til ikkje godkjend praksisperiode. Turnus skal  normalt være jevnt fordelt gjennom praksisperioden, du kan difor ikkje samle opp timar og ta ut friperiodar.

Medlevarturnus er aktuelt på nokre praksisplassar/institusjonar. Det betyr at dei tilsette har ei turnusordning der dei har vakter som går over fleire døgn, og deretter ein friperiode.  Ingen studentar kan bli pålagt å ta praksis med medlevarturnus. 

Langvakter er aktuelt på nokre praksisplassar. Det vil seie at ein har færre, men lengre vakter. Vaktene ofte er 12 timar eller meir. Studentar kan ikkje bli pålagt langvakter. Men dersom slik turnus er aktuell på praksisstaden kan det avtalast mellom student, praksisrettleiar og praksislærar.

Sjå også: Krav til oppmøte i praksis

Arbeidstøy, hygiene og mobilbruk

Det vert stilt særskilte krav både til bruk av arbeidstøy og til hygiene når du er student i praksis. Generelt skal du framstå og kle deg nøytralt og hensiktsmessig. Privat bruk av mobil skal som hovudregel ikkje nyttas i arbeidstida.

Meir om arbeidstøy og hygiene

Arbeidsklede og sko

Nokre praksisstader krever uniform, dette får du som regel låne på praksisstaden. På andre praksisplassar går alle sivilt kledde, og du må sjølv sørge å kle deg nøytralt og hensiktsmessig.

Velg alltid gode innesko som gir god støtte for foten. Sko og sokkar skal vere reine.  

Dersom du bruker hijab og skal ha praksis der dei krever uniform, må du kontakte praksisstaden seinast 10 dagar før praksis, slik at dei eventuelt kan bestille hijab på førehand.

Namneskilt

Skal du ha praksis på sjukehus, sjukeheim og liknande må du skaffe deg namneskilt med fornamn og etternamn, og kva studium du er student ved. 

Røyking, snus og alkohol

Røyking og snusing er ikkje tillatt. Du kan ikkje innta alkohol eller andre rusmiddel åtte timar før arbeidsdagen startar. Sjå helsepersonelloven §8. Pliktmessig avhold

Hender og neglar

Hender skal alltid vere reine, og negler skal vere korte, velstelte og utan lakk. 

Hår, skjegg og bart

Hår, skjegg og bart må vere reint og velstelt. Skjegg og bart skal vere kort. Langt hår skal vere i hestehale eller liknande.

Smykker m.m.

Av hygienegrunner er det ikkje tilatt å ha på smykker, øyredobbar, ringar eller armbåndsur. 

Kosmetikk

Sminke skal vere diskre. Deodorant og hudkrem bør vere uparfymert. 

Mobil og nettbruk

Bruk av privat mobil skal vere moderat, og skal ikkje brukes i kliniske situasjonar. Dersom du av private grunnar må være tilgjengleg på mobil, må du avtale dette med praksisrettleiar. Bilete eller omtale frå praksisstaden skal du ikkje dele med andre eller legge ut på sosiale medium, om det ikkje er klarert på førehand.

Rettleiingsamtale og praksisbesøk

shutterstock_1676998306.jpg

Som student skal du ha rettleiingsamtale ein gong i veka med praksisrettleiaren din. I tillegg skal kontaktlærar frå høgskulen ha digital oppfølging. 

Om rettleiingssamtale

Student og rettleiar skal sette av minst ein time per veke til rettleiingstime. Tidspunkt for timen, individuelt eller i gruppe, blir avtalt mellom studenten og rettleiar.

Som student må du møte førebudd til rettleiingstimane. Stikkord om tema du ønsker å ta opp, leverer du til praksisrettleiar seinast dagen før timen.

Forslag til aktuelle tema for rettleiingtime

Rettleinga må sees i samanheng med kvart praksisstudium sitt fokus, mål og innhold, samt studentens eigne mål for praksis. Aktuelle tema:

  • Studentens utvikling som eit fagleg orientert og profesjonelt menneske:
    • Studentens forhold til og forståing av klienten
    • Studentens forståing av seg selv knytt til hjelparrollen og studentrollen
    • Studentens forståing av seg sjølv i kommunikasjon med andre  (innlevelsesevne, intuitiv evne, samarbeidsevne o.l.)
    • Studentens ansvar for hente inn og oppdatere seg på nødvendig fagkunnskap
  • Studentens evne til å fungere forsvarleg og lærevillig i praksis:
    • Forståing av praksisstaden sine funksjonar
    • Evne og engasjement når det gjelder å bruke ressursar som fins på praksisstaden
    • Initiativ og engasjement i å hente inn og friske opp kunnskap
  • Studentens ansvar for eigen læring:
    • Evne til å vere sjølvstendig
    • Evne til å gi adekvat kritikk av rettleiar sin rettleiingstilbod
    • Møte med ukjente tema, beredskap
  • Kva må studenten jobbe med no og vidare framover – fagleg og personleg

Om praksisoppfølging

Praksisoppfølging foregår digtialt i alle tre praksisperiodar omtrent midtvegs i praksisperioden. Praksisoppfølgingen vil vere ein samtale mellom kontaktlærar, student og praksisrettleiar, og tek vanligvis en timar. Innanfor tidsrammen er det også anledning for ein samtale på tomannshånd mellom kontaktlærar og praksisrettleiar, samt kontaktlærar og student.

Det er kontaktlærar som tek initiativ for avtale om tidspunkt for praksisbesøket. Det er en fordel at midtvegsvurderinga er foretatt før praksisbesøket. I tredje studieår skal denne sendes kontaktlærar i forkant. 

I spesielle tilfeller, ved samarbeidsproblemer eller dersom studenten står i fare for å få underkjent praksisperioden, kan det være aktuelt med ekstra praksisbesøk.

Mål for praksisbesøket/samtalen

  • Å ivareta studentens, veilederens og ergoterapeututdanningens behov for informasjon og veiledning
  • Å belyse og diskutere studentens læresituasjon og fungering i praksis
  • Å bevisstgjøre, veilede og vurdere studentens læringsprosess
  • Å vedlikeholde kontakten mellom ergoterapeututdanningen og praksisfeltet

Forslag til tema eller innhold ved praksisbesøket   

  • Studenten sin læresituasjon og fungering i praksis
  • Studenten sine læringsmål og plan
  • Studenten sin arbeidskvardag og arbeidsoppgåver
  • Gjennomgang av midtvegsvurdering
  • Planlegging av siste del av praksisperioden
  • Gjennomføring av student
  • Rettleiing på studenten sin skriftlege oppgåve
  • Faglege emne som arbeidsmodellar, referanserammer, ergoterapiteorier osv.
  • Informasjon om praksisstaden, omvising m.m
  • Ergoterapeutenes yrkesetiske retningslinjer.

Sei ifrå:

Som student skal du kunne seie ifrå om kritikkverdige tilhøve som mobbing, seksuell trakassering, diskriminering eller andre kritikkverdige forhold når du er i praksis. Sjå meir på hvl.no/sei-ifra

Dette må alle kjenne til:

 

Kontakt oss:

Lurer du på noko? Vi vil gjerne svare deg!
Praksisadministrasjonen ved FHS