Permisjon utan grunngiving
- Du kan søke om permisjon utan grunngiving. Studentar som er tatt opp til studieprogram med tre års normert studietid eller kortare, kan få permisjon frå studiet utan dokumentert grunn i inntil to semester.
Studentar som er tekne opp til studieprogram med fire års normert studietid eller lengre, kan få permisjon frå studiet utan dokumentert grunn i inntil fire semester.
- Permisjon utan dokumentert grunn blir ikkje innvilga første semester etter opptak. Permisjonstida kjem ikkje i tillegg til retten studenten har til utvida studietid.
Permisjon med dokumentasjon
- Permisjon blir gitt med dokumentert grunnlag i fødsel/adopsjon, sjukdom, verneplikt, krevjande verv i studentorganisasjonar eller andre særleg tungvegande tilhøve.
- Dokumentasjon må vere skriven ut av lege, psykolog eller annan sakkunning person
- Søknad om dokumentert permisjon kan bli avslått på grunnlag av at forlenging av studieretten vil føre til senking av dei faglege krava til studiet. Kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse i læringsutbyttet som går fram av studie- og emneplan kan ikkje falle bort.
- For studieprogram med opptak av berre eit kull, uregelmessig opptak, eller opptak anna kvart år kan permisjonstida forlengast til når det er mogleg for studenten å ta opp igjen studiet. Dette med atterhald om at studiet framleis blir tilbydd.
Kva reglar gjeld under permisjonen:
- Studentar i permisjon skal ikkje betale semesteravgift eller stadfeste studieretten.
- Ved permisjon med dokumentert grunn kan studenten velje å betale semesteravgift for t.d. å få studentrabattar.
- Studentar som har dokumentert permisjon kan melde seg til eksamen i permisjonstida. Studenten skal då semesterregistrere seg og betale semesteravgift i samsvar med kapittel 4 i forskrifta.
Du kan ikkje søkje om permisjon dersom du er:
- Emnestudent
- Student på forkurs eller realfagskurs
- Student på eit studium som er kortare enn eitt år
Slik søker du
Du må søke innan fristen for semesterregistrering i det aktuelle semesteret. Fristane er 1. september i haustsemesteret og 1. februar i vårsemesteret.
For vidareutdanningar, utdanningar med studieavgift og oppdragsbaserte utdanningar med oppstart etter semesterregistreringsfristen 1. september i haustsemesteret og 1. februar i vårsemesteret, er fristen seinast 14 dagar etter oppstart.
Dersom eit dokumentert behov som til dømes sjukdom oppstår i etterkant av fristen, er det mogeleg å søke etter fristen.
Oppdragsfinansierte studium som er finansiert av staten, kan gi studentar særrettar regulert som krav frå oppdragsgivar i avtalen, til dømes retten til permisjon.
Dersom du er student på betalingsstudium som er finansiert med eigenbetaling betalt av deg som student, kan du søke om permisjon og ta opp igjen studia neste gong studia startar opp etter utløp av angrefristen og før studiet har starta opp. Du blir då belasta for studieavgift første semester. Dersom du avbryt studia og ikkje startar opp på studiet ved neste opptak, er studieavgifta for første semester tapt for deg.
Etter at studiet har starta opp, kan du søke om permisjon frå studiet i inntil to semester. Du betaler studieavgift for innverande (påbegynte) semester og kan starte opp ved første moglegheit om emnet blir tilbydd igjen. Dersom du likevel avbryt studia, er studieavgifta for inneverande semester tapt for deg. I tillegg blir du belasta for studieavgift for påfølgjande semester.
Når det gjeld eventuell godkjenning av permisjonssøknad, tar HVL atterhald om at studiet fortsatt blir tilbode etter at permisjonstida er gått ut.