Valg av digitalt verktøy til studiet

For å sikre at du har tilgang til alle nødvendige program og verktøy i studieløpet, er det viktig å velje eit digitalt verktøy som er støtta av utdanningsinstitusjonen. Nedanfor finn du ei liste over operativsystem som er kompatible med dei fleste program og verktøy brukt i studia.

Støtta operativsystem

Windows

  • Windows 10: Ein stabil og allsidig versjon som støttar dei fleste utdanningsprogram.
  • Windows 11: Den nyaste versjonen med oppdaterte funksjonar og betre yting for nye program.

Mac

  • macOS 10.14 (Mojave): Ein eldre, men stabil versjon som framleis støttar mange program.
  • macOS 10.15 (Catalina): Forbetringar frå Mojave med betre sikkerheit og yting.
  • macOS 11.6 (Big Sur): Nyare versjon med oppdatert brukargrensesnitt og funksjonar.
  • macOS 12.0 (Monterey): Fleire nye funksjonar og betre integrasjon med andre Apple-enheter.
  • macOS 13 (Ventura): Den siste versjonen med mange nye funksjonar og forbetringar.
  • macOS 14 (Sonoma): Den nyaste versjonen som tilbyr dei mest oppdaterte funksjonane og sikkerheitsforbetringane.

Ustøtta enheter

Chromebook, iPad og nettbrett

  • Chromebook: Enkelte utdanningsprogram og verktøy fungerer ikkje på Chrome OS. Vi frårår derfor kjøp av Chromebook for studiet.
  • iPad og andre nettbrett: Desse enhetene støttar ikkje alle nødvendige program og kan ha begrensningar i funksjonalitet samanlikna med ein tradisjonell laptop eller desktop.

Begrensningar med ustøtta enheter

  • Referanseverktøy: Ustøtta enheter kan ikkje bruke EndNote, eit viktig verktøy for referansehandtering i akademiske arbeid.
  • Digital låst skuleeksamen: Ustøtta enheter fungerer ikkje med Wiseflow, systemet som blir brukt til digitale låste skuleeksamenar.

For å sikre at du kan bruke alle nødvendige program og verktøy gjennom studieløpet, anbefaler vi å investere i ein laptop eller desktop med eit av dei støtta operativsystema. Dette vil gi deg den beste opplevinga og sikre at du har tilgang til alle verktøy du treng for å lukkast i studia.

Krav til digitale verktøy

Enkelte studieprogram ved Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnfsvitskap har eigne krav til kva digitale verktøy som kan brukast. Sjekk med ditt studieprogram om det finst slike krav før du kjøper nytt utstyr.