Utskrift

HVL sitt system for kopiering, skanning og utskrift av dokument for studentar/ansatte er basert på kort og kortlesarar på kvar skrivar.

Nye studentar/ansatte som manglar kort, kan logge seg på skrivarane med brukarnamn og passord på samme måte som i oppskrifta under.

Førstegangs pålogging (aktivere kort)

  1. Det kjem opp ei melding som seier «Unknown User», deretter meldinga «Login to register card».
  2. Klikk på «Username» og skriv inn brukarnamnet ditt.
  3. Klikk på «Password» og skriv inn passordet.
  4. Klikk på «OK».

Fyll opp kortet ditt (kun for studentar)

NB: Det er ingen sammenheng mellom kopi- og læremiddelavgiften og din personlige utskriftskonto ved HVL

Gå til Myprint.hvl.no og logg på med brukernavn og passord. Et påloggingsbilde vil åpnes. Trykk på knappen "Purchase credit".

Skjermbilde av myPrint.hvl.no og markering av knappen «Purchase credit».

Prisar

  • A4 svart enkelt sidig       0,75

  • A4 svart 2 sidig                 1,12 (0,56 pr side)

  • A4 farge enkelt sidig       1,50

  • A4 farge 2 sidig                 2,26 (1,3 pr side)

     

  • A3 svart enkelt sidig       1,50

  • A3 svart 2 sidig                 2,26 (1,13 pr side)

  • A3 Farge enkelt sidig      3,00

  • A3 Farge 2 sidig                5,50

     

OBS: Sørg for å bruke opp pengane på kortet før du er ferdig med studiet. Vi kan dessverre ikkje refundere uteståande beløp. Kontoen blir sperra når du har fullført studiet ditt ved HVL.

Korleis bruke skrivarane

Før du skriv ut eller kopierer, bør du kontrollere at det er papir i skrivaren. Dersom du skriv ut på ein skrivar som er tom for papir, vil utskrifta bli skrive ut når det blir fylt på papir.

Utskrift frå trådlaust nett

Gå til Myprint.hvl.no for utskrift via web, e-post eller drivar (det skal fungere frå dei fleste einingar; Android, iPhone, nettbrett, PC, Mac m.m.). Logg på med brukernavn og passord.

Ved utskrift frå nokre mobiltelefonar og nettbrett virkar «email print» best. Lenka er tilgjengeleg når du er tilkobla det trådlause nettet «Eduroam» på HVL.

Kopiering

  1. Gå til ein multifunksjonsskrivar med kortlesar.
  2. Bruk kortet til å logge på skrivaren. Ved førstegangs bruk eller dersom du har fått nytt kort må du i tillegg logge på med brukarnamn og passord (sjå oppskrift for førstegangs pålogging over).
  3. Trykk på knappen «Kopi».
  4. Legg det du vil kopiere på glasplata eller i mataren øverst på skrivaren.
  5. Velg dei innstillingene du ønskjer for kopiering.
  6. Start kopieringa.

Skanning

  1. Gå til ein multifunksjonsskriviaer med kortlesar.
  2. Bruk kortet til å logge på skrivaren. Ved førstegangs bruk eller dersom du har fått nytt kort, må du i tillegg logge på med brukarnamn og passord (sjå oppskrift for førstegangs pålogging over).
  3. Trykk på knappen e-post.
  4. Legg det du vil skanne på glasplata eller i mataren øverst på skrivaren.
  5. Vel dei innstillingane du ønskjer for skanning, og skriv inn HVL e-postadressa di.
  6. Start skanninga.
  7. Det du har skanna blir sendt til e-postadressa di.

Logge av

Trykk logg-av-knappen i displayet, eller hald kortet ditt mot kortlesaren ein gang til. Dersom du gløymer å logge deg av, vil du bli logga av automatisk etter ca. 1 minutt.

Brukarstøtte

Dersom du får problem, er Servicetorget eller IT-hjelpen klar til å svare på spørsmål.

Studentar og ansatte i Førde:

Kontakt oss gjerne fysisk i servicetorget sjå kart her.

Kontakt oss på IT-hjelp på e-post it-hjelp@hvl.no eller telefon 55 58 58 88

Visst det er tomt for papir eller tonar i ein skrivar kontakt oss gjerne på

it-hjelp@hvl.no

Studentar på Stord og i Haugesund:

Kontakt IT-hjelpen på din campus.

Ansatte
Kontakt IT-hjelp på e-post it-hjelp@hvl.no eller telefon 55 58 58 88

Studentar og ansatte Sogndal:

Kontakt IT-hjelp

Studentar i Bergen:

Kontakt IT-hjelpen eller Servicetorget.

Visst det er tomt for papir eller tonar eller det er papirstopp i ein skrivar kontakt:
Driftssentralen Bergen
Tlf: 480 66 868
Epost: driftssentralen.hib@hvl.no

Ansatte i Bergen
Kontakt oss på IT-hjelp på e-post it-hjelp@hvl.no eller telefon 55 58 58 88

Visst det er tomt for papir eller tonar eller det er papirstopp i ein skrivar kontakt:
Driftssentralen Bergen
Tlf: 480 66 868
Epost: driftssentralen.hib@hvl.no