IT-tilgang som ny student

Som student har du tilgang til ei rekke dataprogram og gratis wifi på campus.

Steg 1 - Aktiver brukerkontoen din

Aktiver brukarkontoen din for å få tilgang til HVL sine system, som studentepost, læringsplattformen Canvas, innleverings- og eksamenssystemet WISEflow, trådlaust nettverk, Office365 med meir.

Som HVL-student får du tildelt ein e-postkonto. Viktig informasjon frå HVL blir sendt til denne e-postadressa, og du er pliktig til å sjekke den jamnleg.

  • E-postadressa di er dittstudentnummer@stud.hvl.no.
  • Brukarnamnet ditt er studentnummeret ditt.
  • Studentnummeret finn du i Min profil på Studentweb.
  • Pinkode har du fått tilsendt på SMS.

OBS: Tilgang til kontoar er tilgjengeleg 2-3 veker før studiestart.

Merk: Dette er steg 1. Du må også fullføre steg 2 før du får tilgang til E-postadressa di.

Steg 2 - Aktiver multifaktorpålogging

Faren for å bli utsett for dataangrep gjennom identitetskapring er større enn nokon gong. Den beste måten å unngå dette på, er multifaktor stadfesting ved pålogging. Stadfesting med multifaktor er eit ekstra nivå for sikker pålogging. I tillegg til å skrive inn passordet ditt (same passord som du oppretta i steg 1), må du òg stadfeste innlogginga ved å nytte ein eingangskode (sjå bruksanvisningen). Dette hindrar at andre loggar seg på med din ID sjølv om dei kjenner passordet ditt.

Du må sjølv aktivere multifaktor på kontoen din. Bruksanvisning for aktivering av multifaktor.

Steg 3 - Semesterregistrering i Studentweb

Når du godkjenner utdanningsplanen din for gjeldande semester, melder du deg opp til undervisning og eksamen i emna som ligg i planen din. Du finn oppmeldingane dine under «Aktive emne» på Studentweb. Du er sjølv ansvarleg for å sjekke at alle oppmeldingar er på plass, og at dei er korrekte. 

Du loggar deg på Studentweb via Feide, med brukarnamnet og passordet ditt. Dersom du ikkje har dette, loggar du inn med fødselsnummer og PIN-kode.

Logg på Studentweb

Her finn du ein kort presentasjon av funksjonar i Studentweb.

Steg 4 - Finn info om faga dine og logg inn i læringsplattformen

Læringsplattformen Canvas er ein viktig reiskap i studiekvardagen. Det er her du kan finne meldingar frå forelesarar, informasjon om oppgåver, innleveringar med meir.

For å få tilgang til Canvas må du ha godkjent utdanningsplanen din i Studentweb. Er du ny student, må du i tillegg aktivere brukarkontoen din.  

Du loggar på Canvas med Feidepålogging (same pålogging som til dømes Studentweb og brukarkontoen din), der brukarnamnet er studentnummeret ditt. 

Endring av studieplass

Skiftar du studieprogram eller blir overført til eit anna kull, må melde dette til canvas@hvl.no for å få tilgang til riktige emne i Canvas.

Steg 5 - Logg inn på WIFI

Det trådlause nettverket ved HVL heiter Eduroam. Du loggar på med studentnummer@stud.hvl.no og passordet til HVL-brukarkontoen din. Du må ha aktivert brukarkonto for å få tilgang til e-posten din.

Du kan bruke «Eduroam cat tool» for å sette opp innstillingane på denne måten:

  1. Gå til nedlastningsida
  2. Klikk på knappen «Last ned din eduroam profil»
  3. Køyr filen som blir lasta ned
  4. Fyll inn brukarnamn og passord
  5. Trykk på installer

Steg 6 – Programvare

Som HVL-student har du tilgang til Office 365. Direkte innlogging til Office 365.

Via Kiosken vil du få tilgang til det meste av programvaren du treng. Du kan sjå oversikta over kva programvare du får tilgang til via vårt system ved å trykke på lenken under.

Klikk for informasjon om anna programvare.

Steg 7 - Last ned studentbevis-appen

Studentbevis-appen beviser at du er registrert som student dette semesteret.  Appen fungerer som studentbevis hos mellom anna studentsamskipnaden og kollektivtransportselskap.

Du vil framleis trenge studentkort, til dømes for å komme inn i bygga våre på kveldstid og i helgene, låne bøker på biblioteket og bruke skrivarane våre. Studentkorta blir produsert kort tid etter studiestart.