Brukarkonto

Som HVL-student får du tildelt ein brukarkonto og epostkonto til høgskulen sitt dataanlegg. Viktig informasjon frå HVL blir sendt til denne epostadressa, og du er pliktig til å sjekke den jamnleg.

Brukarkontoen din brukar du til innlogging på HVL sine system, som studentepost, læringsplattformen Canvas, trådlaust nettverk, Office365 med meir.

HVL har tatt i bruk multifaktorpålogging, og du må aktivere multifaktor på kontoen din. 

  • E-postadressa di er dittstudentnummer@stud.hvl.no.
  • Brukarnamnet ditt er studentnummeret ditt.
  • Studentnummeret finn du i Min profil på Studentweb.
  • Pinkode har du fått tilsendt på SMS.

Aktivere konto

For å ta i bruk HVL-brukarkontoen din må den aktiverast. Det gjer du ved å logge på https://konto.hvl.no og lage deg eit passord. Du loggar på med brukarnamn (studentnummer) og pinkode.

Passord

Passordet skal ha ein kombinasjon av bokstavar og tal, og må innehalde minst 9 teikn. Dersom du tastar feil passord så mange gonger at kontoen din blir låst, vil kontoen låse seg opp igjen av seg sjølv etter ca. 10 minutt, og du kan prøve igjen.

Multifaktor for din Windows-konto

HVL har tatt i bruk multifaktorpålogging, og du må sjølv aktivere multifaktor på kontoen din. Faren for å bli utsett for dataangrep gjennom identitetskapring er større enn nokon gong. Den beste måten å unngå dette på, er multifaktor stadfesting ved pålogging. 

Stadfesting med multifaktor er eit ekstra nivå for sikker pålogging. I tillegg til å skrive inn passordet ditt (noko du veit), må du òg stadfeste innlogginga ved å nytte ein eingangskode (noko du får). Dette hindrar at andre loggar seg på med din ID sjølv om dei kjenner passordet ditt.

Bruksanvisning for aktivering av multifaktor.

Nullstille multifaktor

Nullstilling er nødvendig for å sette opp appen Microsoft Authenticator på en ny mobil.

For nullstilling:
Send e-post til it-hjelp@hvl.no

Feidepålogging

Om du skal logge på ei teneste med Feide, blir du sendt til Moria, som er ei felles innloggingsteneste for alle Feide-tenester. Skal du til dømes logge deg inn i innleverings- og eksamenssystemet WISEflow, må du ha oppretta brukarkonto i Feide.

Bruk det same brukarnamnet og passordet ved pålogging via Feide som til HVL-brukarkontoen din.

Slik loggar du på med Feide:

  • vel «tilhørighet: Høgskulen på Vestlandet»
  • klikk «fortsett» og skriv inn brukarnamn (studentnummeret ditt) og passord
  • klikk «logg inn» og du vil bli sendt til tenesta

Gløymt passord

Dersom du har gløymt passordet ditt, kan du lage eit nytt ved å logge på https://konto.hvl.no med brukarnamn (studentnummeret ditt) og pinkode. Du kan ikkje velje eit passord som du har brukt tidlegare.

Dersom du har glømt pin koden kan du lage ny på studentweb på linken her: 
Studentweb

NB: Logg inn med bankid/MinID. 

Klikk på namnet ditt oppe i høgre hjørnet.
Klikk på min profil.

imagetnz5.png
Gå ned på siden til du kommer til kontoadministrasjon der ser du endre pin.

imagekzjf5.png

Husk og trykke lagre endringer nederst på siden.

imageyvuoc.png

 

Avslutning av konto

Brukarkontoen din blir sperra 90 dagar etter fullført studieløp, eller etter at du av andre grunnar avsluttar studiet. Du er ansvarleg for å kopiere ut data du vil ta vare på før studiet er avslutta og kontoen blir deaktivert.

Dersom du ønskjer å halde fram å bruke Office 365 og MS Office programvare som du har hatt tilgang til som student ved HVL, må du teikne eit nytt abonnement hos Microsoft.
Etter du har teikna ny lisens på din private microsoftkonto kan du finne brukerveiledning for å overføre filene dine direkte til din private microsoftkonto under her:

Microsoft overføring