Tilrettelegging av eksamen
Har du spesielle behov ved eksamen, kan du søke om tilrettelegging. Fristen for å søke er 1. september for haustsemesteret og 1. februar for vårsemesteret.
Det blir som hovudregel ikkje gjort unntak frå søknadsfristen med mindre behovet for tilrettelegging har oppstått etter fristen eller særlege grunnar tilseier det.
Kva tilrettelegging kan du få?
Studentar med kroniske tilstandar kan få innvilga permanent tilrettelegging. Du vil få informasjon i vedtaksbrevet dersom dette gjeld for deg. Då treng du ikkje å søke om tilrettelegging eller sende inn ny dokumentasjon så lenge du studerer ved HVL eller for den perioden som er skriven i vedtaksbrevet.
Eksempel på tilrettelegging ved eksamen
- Utvida eksamenstid ved skriftleg skuleeksamen og korte heimeeksamen. Ein får normalt 10 minutt per time, maksimalt ein time totalt, på skriftleg skuleeksamen og heimeeksamenar som er 8 timar eller kortare.
- Utvida tid ved lengre heimeeksamenar, semesteroppgåver og andre store oppgåver. Dette blir berre innvilga i særlege tilfelle, der sjukdom eller andre tungtvegande tilhøve gjer at studenten ikkje kan arbeide i lengre tidsrom under eksamen. Lengda på utvidinga blir vurdert i høve til ordinær eksamenslengde.
- Eige eller mindre eksamenslokale
- Støykansellerande hodetelefonar
- Skrivehjelp, tegnspråktolk og anna praktisk hjelp
- Overføring av oppgåve til punktskrift eller forstørra skrift
- Fritak for sidemål, (jf. rammeplan for barnehagelærar- grunnskulelærarutdanning 1-7 og grunnskulelærarutdanning 5-10). Fritak blir ført på vitnemålet ditt.
- Studentar som ammar kan søke om tid til å amme i samband med skriftleg skuleeksamen og heimeeksamenar som er 8 timar eller kortare.
- Studentar med eit anna morsmål enn norsk kan bruke tospråkleg ordbok utan ordforklaring, med mindre faglege omsyn talar i mot dette. Gi oss melding om at du ynskjer å bruke ordbok ved å bruke søknadsskjemaet nedanfor og feltet "anna tilrettelegging". Ordboka blir kontrollert i eksamenslokalet. Dersom du har budd i Norge i mindre enn tre år kan du også søkje om utvida tid på eksamen.
Tilrettelegging for lese- og skrivevanskar ved eksamen
På digital skuleeksamen får du tilgang til stavekontroll i WISEflow som fungerer på liknande vis som retteprogrammet i Word med nokre begrensingar. Det kan vere unntak for nokre språkfag. Du treng ikkje sende nokon søknad om tilrettelegging for å bruke dette på skuleeksamen.
Kva kan du søkje om som tilrettelegging på eksamen om du har lese- og skrivevanskar?
Lista er ikkje utfyllande. Tilrettelegginga du kan få er basert på informasjon i dokumentasjonen du leverer inn.
- Utvida eksamenstid ved skriftleg skuleeksamen og korte heimeeksamen. Ein får normalt 10 minutt per time, maksimalt ein time totalt, på skriftleg skuleeksamen og heimeeksamenar som er 8 timar eller kortare.
- Du kan også bruke retteprogrammet og andre funksjonar i Word dersom dette er tilstrekkeleg for deg. Du treng ikkje å laste ned FLOWlock-nettlesar. Sjå informasjon om "Les høyt-funksjonen" i Word. Alle studentar ved HVL kan laste ned Office365 på si eiga datamaskin. Dersom dette er aktuelt for deg skriv du det i feltet "anna tilrettelegging" i søknadsskjemaet.
- Dersom du har eigen lisens på lese- og skrivestøtteprogram, t.d. Lingdys kan du bruke dette. På skuleeksamen tar du med deg di eiga datamaskin med lisens på lese- og skrivestøtteprogrammet på eksamensdagen og skriv eksamen i til dømes Word. Du treng ikkje å laste ned FLOWlock-nettlesar. Dersom dette er aktuelt for deg skriv du det i feltet "anna tilrettelegging" i søknadsskjemaet.
- Dersom du ikkje allereie har eigen lisens, men har dokumentasjon på lese- og skrivevanskar/dysleksi frå før kan du søkje om lese- og skrivestøtteprogram frå NAV hjelpemiddelsentralen som du kan bruke til eksamen og ellers i studiekvardagen din. Du er sjølv ansvarleg for å gjere deg kjent med korleis du brukar programma. Sjå opplæringsfilmar for programma her. Når du har fått lisens må du gi beskjed til oss om det slik at vi kan legge til rette for at du kan bruke det på eksamen. Skriv det i i feltet for "anna tilrettelegging i søknadsskjemaet".
Utgreiing for lese- og skrivevanskar
Dersom du ikkje allereie har dokumentasjon på lese- og skrivevanskar har HVL avtalar om utgreiing av lese- og skrivevanskar for våre studentar. Utgreiinga er gratis for deg. For å bli vist til slik utgreiing sender du inn søknadsskjema om tilrettelegging ved eksamen (velg "anna tilrettelegging") og skriv at du ynskjer utgreiing for lese- og skrivevanskar.
Slik søker du om tilrettelegging
Søknad med dokumentasjon skal sendast innan 1. september for haustsemesteret eller innan 1. februar for vårsemesteret. Dokumentasjon som forklarar behovet for tilrettelegging, skal leggast ved søknaden. Dersom behovet for tilrettelegging har oppstått etter fristen skal det kome tydeleg fram av dokumentasjonen.
Dersom du har behov for tilrettelegging utover dei rammene som er nemnd i forskrifta må du dokumentere dette i søknaden.
Dersom du har behov for noko anna enn utvida tid, må du beskrive dette i feltet "anna tilrettelegging". Beskriv tydeleg kva du har behov for slik at vi kan tilrettelegge på beste viset. Dei fleste eksamenar ved HVL er digitale. Nokre eksamenar er på papir fordi det kan vere matematikk, realfag eller liknande som er vanskeleg å skrive på ei datamaskin. Tenk difor igjennom kva som er aktuell tilrettelegging for deg både på digital eksamen og papireksamen.
Svaret blir sendt til din digitale postkasse eller i vanleg post.
Vilkår (nynorsk)
- Tilrettelegging ved eksamen skjer i samsvar med Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet, kapittel 7.
- Krav til dokumentasjon som du må lasta opp frå dette skjemaet (søknader utan dokumentasjon blir ikkje handsama!):
- Du må dokumentera behov for tilrettelegging med legeattest eller attest frå anna sakkunnig (til dømes psykolog, logoped). Dokumentasjonen må forklare kvifor det er behov for særordning og kva særordning det er behov for.
- Dersom behovet for tilrettelegging har oppstått etter fristen skal det koma tydeleg fram i dokumentasjonen.
- Dersom det gjeld ein kronisk tilstand, og dokumentasjonen er eldre enn tre år, vil høgskulen vurdera i kva grad dokumentasjonen er tilstrekkeleg.
- Dokumentasjon på annan tilstand skal væra av ny dato.
Vilkår Bokmål
- Tilrettelegging ved eksamen skjer i samsvar med Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet, kapittel 7.
- Krav til dokumentasjon som du må laste opp fra dette skjema (søknader uten dokumentasjon blir ikke behandlet!):
- Behovet for tilrettelegging må dokumenteres med legeattest eller attest fra andre sakkyndige (f.eks. psykolog, logoped). Dokumentasjonen må forklare hvorfor det er behov for særordning og hvilken særordning det er behov for.
- Dersom behovet for tilrettelegging har oppstått etter fristen skal det komme tydelig fram i dokumentasjonen.
- Høgskolen vurderer om dokumentasjonen på kronisk tilstand eldre enn 3 år er tilstrekkelig for å vurdere søknaden.
- Dokumentasjon på annen tilstand skal være av ny dato.
Meir informasjon om tilrettelegging av eksamen finn du i forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet, kapittel 7.
Har du spørsmål?
Ta kontakt med eksamenskontoret, så svarer vi deg så fort vi kan. Du kan også sjekke om du finn svaret hjå Mime, den virtuelle assistenten som du finn nede til høgre på sida.