Eksamensforsøk

Informasjon om eksamensforsøk ved Høgskulen på Vestlandet

Du har tre eksamensforsøk på kvar eksamen. Dersom du ikkje melder deg av innan fristen, og ikkje møter på eksamen, vil det telle som eit forsøk.

Informasjon om oppmelding og avmelding til eksamen

Dersom du har brukt opp forsøk på ein eksamen utan bestått resultat, får du etter § 4-8 (3) nye forsøk i emnet fem år etter siste eksamensforsøk. Dette gjeld tilsvarande for forsøk i praksis. Ved nytt opptak må det fagleg vurderast om studenten kan starte på same nivå.

Søknad om fjerde forsøk på eksamen

I spesielle tilfelle kan det etter dokumentert søknad bli innvilga eit fjerde forsøk, jf. forskrift om studium og eksamen ved HVL, § 11-5 (3). Du sender søknad til post@hvl.no.

For å ta eksamen må studieretten din være aktiv. Dersom du har behov for å utvide studieretten din, ta kontakt med studierettleiar. Du må betale semesteravgift i det semesteret du skal ta eksamen.