Publisering av oppgåver
Ønskjer du å gjere bachelor- eller masteroppgåva di tilgjengeleg for andre? Vi tilbyr publisering i HVL Open.
Å få publisert oppgåva di kan vere nyttig i jobbsøkjarsamanheng. I ein CV eller jobbsøknad kan du leggje ved lenke til oppgåva di.
Du svarer ja eller nei til publisering når du leverer bachelor- eller masteroppgåva di. HVL publiserer bacheloroppgåver med karakter A og B, og alle masteroppgåver som er bestått.
Framgangsmåte og avtalevilkår
For å få publisert oppgåva di i HVL Open, svarar du ja til at du godkjenner denne avtalen om publisering når du leverer oppgåva i WISEflow.
Biblioteket publiserer oppgåvene fortløpande etter at sensur er gitt. Har du spørsmål kring dette kan du kontakte hvl-open@hvl.no
Dersom du ønskjer å publisere oppgåva di på eit seinare tidspunkt, gjer du følgjande:
- Send ein epost til hvl-open@hvl.no.
- Skriv at du ønskjer publisering, og gi beskjed om at du godtar avtale om publisering.
- Hugs å legge ved oppgåva. Send gjerne med emneord og samandrag dersom dette ikkje er med i fila.
Om skriving og innlevering av oppgåver