Eksamen og oppgåveskriving
På desse sidene finn du informasjon om alle forhold knytt til eksamen og innlevering av oppgåver.
Om eksamen ved HVL
Før eksamen
Eksamensgjennomføring
Etter eksamen
Heimeeksamen og oppgåveskriving
Munnleg og praktisk eksamen
Du får informasjon om gjennomføring av munnleg og praktisk eksamen frå faglærar i Canvas.
Sjå informasjon om kva du bør førebu dersom du skal ha munnleg eksamen digitalt.
Dersom du vert forseinka, skal forseinkinga trekkjast frå eksamenstida. Ved meir enn ti minutt forseinkning til munnleg, justerande munnleg eller praktisk eksamen, skal sensor registrere ikkje møtt.
Ny eksamen (kontinuasjonseksamen)
Ny eksamen (kontinuasjonseksamen) blir arrangert dersom studentar har stroke eller hatt gyldig fråvær på ordinær eksamen.
Treng du hjelp?
Vi ber om at du som hovudregel kontaktar oss skriftleg.
Treng du hjelp med bruk av digitale løysingar før, under eller etter eksamen, ta kontakt med oss via kontaktskjemaet vårt så svarar vi så snart som mogeleg.
Treng du hjelp med datamaskina di eller internett ta kontakt med IT-hjelp.
Førebu deg godt i forkant av eksamen, så får du ei god eksamensoppleving. Lykke til!
Avvikling av eksamen i HVL sine lokale på campus er for HVL-studentar. Vi legg ikkje til rette for at eksterne studentar kan ta eksamen i våre lokale.
Rettar og plikter
Forskrift om studium og eksamen ved HVL regulerer mange viktige område som studierett, eksamen, vitnemål med meir.
Har du spørsmål?
Ta kontakt med eksamenskontoret, så svarer vi deg så fort vi kan. Du kan også sjekke om du finn svaret hjå Mime, den virtuelle assistenten som du finn nede til høgre på sida.