Sikkerheitsinformasjon til studentar

Vi vil at alle studentar ved HVL skal kjenne seg trygge og sikre på våre campusar. For enkelt å kunne formidle viktig sikkerheitsinformasjon til studentar og tilsette samarbeider vi med ei rekke ulike høgskuler og universitet om sikresiden.no.

Gjennom samarbeidet sikresiden.no er det utvikla ei enkel nettsideløysing som hurtig kan gje deg og andre informasjon når noko skjer eller har skjedd. Noko av informasjonen vil vere tilpassa oss på HVL, så første gang du går inn på sikresiden.no er det viktig at du vel HVL som studiestad.

Veit du for eksempel kva du skal gjere i ein valdssituasjon eller når du veit at nokon ønskjer å ta sitt eige liv? På sikresiden.no gjer vi deg både informasjon når du står i situasjonen, og informasjon om kva du sjølv og andre kan gjere for å unngå at noko uønska skjer. I ei eiga arkfane er det samla informasjon av meir førebyggande karakter. 

Telefonnummer ved alvorlege hendingar

Sikresiden gjer deg kjapp tilgang til informasjonen, og du vil òg finne HVL sitt eige nummer til krise og beredskap. Nummeret 48 11 07 00 er bemanna 24/7 av eit vaktselskap som igjen kan varsle krise- og beredskapsorganisasjonen vår.

Legg snarveg på mobilen din

Vi ber om at alle legg ein snarveg til Sikresiden på startskjermen på mobiltelefonen sin. Ta deg derfor tid til å gjere akkurat dette. 

Vil du varsle om ei alvorleg hending?

Vi ber om at du seier ifrå dersom du er kjent med uønska hendingar knytt til HVL som f.eks. ulykker/nestenulykker og skadar på menneske, bygningar og miljø, eller kritikkverdige tilhøve som mobbing, seksuell trakassering eller diskriminering.

Her kan du lese om korleis du seier ifrå.