Samarbeid innan idrett, friluftsliv og folkehelse
HVL mange samarbeidspartnarar innan idrett, friluftsliv og folkehelse. Her er nokre eksempel.
Sefal - Senter for fysisk aktiv læring
MHFA - Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet
Idrettsklynge Vest
Idrettsklynge Vest er ei satsing på tvers av Vestland fylkeskommune, Bergen kommune, Vestland idrettskrets, Olympiatoppen Vest, Sportsklubben Brann, Universitetet i Bergen, Høgskulen på Vestlandet og Helse Bergen. Vårt mål er å styrke samhandlinga kring idrett, fysisk aktivitet og folkehelse i Vestland, gjennom å etablere møteplassar for kompetanseutvikling og kompetanseformidling.
Vår visjon er styrke i samspel. Vi samhandlar på tvers av både organisasjon, fag og etatar. Vi spelar på kvarandre sine styrkar, deler kompetanse og lærer av kvarandre. Saman skapar vi eit kraftsenter innan idrett, fysisk aktivitet og folkehelse i Vestland.
Vi har ein felles verdiplattform som alle har vore med å forme. Dette er ein suksessfaktor når så mange ulike organisasjonar og kulturar skal samarbeide. Når vi møtast på Idrettsklynge Vest plattforma så har vi til felles at vi skal vere opne, inspirerande, kompetente og nyskapande.
Gjennom Idrettsklynge Vest er vi eit viktig førebilete på at vi på feltet idrett, fysisk aktivitet og folkehelse har mykje å hente på å samhandle tettare. Samarbeidet vi har etablert er unikt på landsbasis.
Vi jobbar strukturert med å bygge nettverk gjennom å skape møteplassar på tvers av våre organisasjonar, andre aktuelle aktørar og på tvers av fagfelt. Dette sikrar deling av kompetanse og kunnskap og at viktig informasjon når dei rette folka og det rette miljøet.
Gjennom våre ni etablerte møteplassar innanfor toppidrett, breiddeidrett, fysisk aktivitet og folkehelse samlar vi spisskompetanse frå våre eigne og andre aktuelle organisasjonar, og set dei rundt same bord. Saman løyser vi oppgåver på tvers, til det beste for sluttbrukaren og til det beste for samfunnet. Løysingane vi kjem fram til er meir berekraftige, gjennomtenkte og samfunnsøkonomiske enn om vi prøvde å imøtekomme utfordringane kvar for oss. Idrettsklynge har mange ulike prosjekt innanfor kvar av møteplassane.
Vestland Idrettskrets (idrettsforbundet.no)
Olympiatoppen Vest
Norges Fotballforbund
Sogndal fotball
Sportsklubben Brann
Norges Klatreforbund