Samskaping for eit berekraftig Sogn

Vil du skape noko saman med oss? Kva kan dei tverrfaglege teama og studentane våre bidra med inn i di verksemd? Har du utfordringar på arbeidsplassen som studentane og fagmiljøa våre kan finne løysingar på? Les meir om samskaping for eit berekraftig Sogn på denne sida.

Om prosjektet

Samskaping for eit berekraftig Sogn er eit samarbeid mellom Sogndal kommune, Sogn Næring, Sogn regionråd og Høgskulen på Vestlandet. Prosjektet starta februar 2022 og skal vare ut 2024.

Prosjektet sine hovudmål

  • Fremje tverrfagleg samarbeid og samskaping
  • Fremje kontakt og kunnskapsflyt mellom studentar og tilsette ved Høgskulen på Vestlandet, arbeidslivsaktørar og friviillige organisasjonar.
  • Fremje arbeidslivsrelevans for studentar

Kontaktperson

bilde av Ellen Eimhjellen Blom

Ellen Eimhjellen Blom

Førsteamanuensis

Prosjektet består av tre satsingar

Utvikling av eit tverrfagleg emne: Berekraftig samskaping

  • Målgruppa for emnet er tilsette i private og offentlege verksemder og frivillige organisasjonar som ynskjer å ta emnet som vidareutdanningskurs samt studentar ved alle fakultet som går siste år i ei bachelorutdanning eller i ei masterutdanning,

  • Gjennom emnet skal studentane arbeide saman for å finne løysingar på reelle problemstillingar meldt inn frå næringsliv, kommunar og frivillige organisasjonar.

  • Problemstillingane skal ha fokus på berekraftig regional utvikling spesielt innan tema som miljø, folkehelse, oppvekst og digitalisering.

  • Emnet vil ta i bruk metodiske tilnærmingar som fremmar innovasjon og medverknad av borgarar.

Utvikling av digital møteplass 

  • Jobbar du i ei bedrift, ein offentleg instans eller i ein frivillig organisasjon og har ei problemstilling du ønskjer å få belyst, ei utgreiing, eller oppgåver som studentar kan løyse?

  • I dette prosjektet skal vi utvikle ein digital møteplass som gjer det enklare å kople ulike aktørar til studentar og fagtilsette frå alle fagmiljøa ved Høgskulen på Vestlandet

  • På den digitale møteplassen kan ulike aktørar melde inn aktuelle problemstillingar som dei ønskjer å sette søkelys på, moglege praksisplassar og studentjobbar.

  • Både studentar og faglærarar ved Høgskulen på Vestlandet kan nytte møteplassen til å finne relevante problemstillingar for studentoppgåver, prosjektoppgåver, forskingsprosjekt og praksisplassar.

Fag- og forskingsgruppe for tverrfagleg samarbeid, medverknad og samskaping

  • Medlemmene skal forske på og drive utviklingsarbeid innan tverrfagleg samarbeid, medverknad og samskaping.
  • Gruppa skal bidra til utvikling av det faglege innhaldet i det tverrfaglege emnet Berekraftig samskaping og utforming av den digitale møteplassen.
  • Ein offentleg ph.d. knytt til oppvekstsektoren i Sogndal kommune skal etablerast som del av denne gruppa.

Nasjonale og internasjonale samarbeidspartnerar

Prosjektet er integrert i en internasjonal Erasmus+ søknad for European University Alliance on Sustainable Mobility.

Prosjektet er finansiert av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir).

Sogndal.jpg