Nordic Network for Music Education

NNME er eit nettverk innan Nordplus. Partnerane i nettverket er blant dei leiande institusjonane i Norden og dei baltiske landa innan forskingsfeltet musikkutdanning (i Norden kalla musikkpedagogikk).

Nordic Network for Music Education består av 18 nøye utvalte institusjonar som representerer alle dei fem nordiske landa og dei tre baltiske landa. I over 20 år har Høgskulen på Vestlandet (tidlegare Høgskolen i Bergen), vore nettverkskoordinator. 

Nettverket sine mål

Hovudmålet til dette nettverket er å styrke refleksjonen og diskusjonen rundt musikkutdanningane, og gjenom dette bidra til utviklinga av feltet. 

Dei unike styrkane til kvar land og institusjonane deira blir brukt i nettverkssamarbeidet og gjer det difor mogleg å utføre fordjupingsstudiar med perspektiv og breidde som gjer at ein kan famne vidare i fellesskap enn gjennom den enkelte institusjon.

Nettverksaktivitetar

Aktivitetane i nettverket inkluderer lærar- og studentutveksling, nettverksplanlegging og seminar for masterstudentar. Felles intensivkurs for masterstudentar har vore ein av kjerneområda til nettverket. Elleve kurs har blitt gjennomført så langt.

I 2021 utvida Nordic Network for Music Education slik at det no består av 18 medlemsinstitusjonar, inkludert dei store musikklærarutdanningsprogramma i dei føljgande åtte landa: Estland, Latvia, Lithauen, Finland, Sverige, Denmark, Noreg og Island.

Velkommen til dei fire nye partnerinstitusjonane:

På den engelske sida til nettverket kan du mellom anna lese utfyllande informasjon om kurs, publikasjonar, samt pågåande og tidlegare prosjekt.