Berekraftig energi og miljø

I tillegg til å møte dagens og framtidige energibehov på ein berekraftig måte, må vi utvikle nye berekraftige energiteknologiar og løysingar som er meir effektive og miljøvenlege, som hydrogen- og batteriteknologiar og havvind.

Sidan vi held til på vestkysten av Noreg, er mange av nøkkelressursane vi treng for å byggje sterk kompetanse og forsking for ei meir berekraftig verd lett tilgjengelege for oss.

Samarbeidspartnarar

Gjennom samarbeid med klynger og verksemder jobbar vi saman for å levere relevant og oppdatert kompetanse i eit felt i rask bevegelse. Her finn du informasjon om nokre av våre utvalde samarbeidspartnarar.

Arena Proptech Innovation

Proptech Innovation er ei norsk næringsklynge innan bygg- og eigedomsbransjen. Vårt mål er å gjere Noregs største landbaserte industri smart og berekraftig, og å eksportere mogleggjerande teknologiar til verda.

Arena VIA

Vital Infrastructure Arena (VIA) bidreg til utviklinga av trygg, smart og berekraftig transportinfrastruktur for det globale marknaden. Klynga jobbar for å fremje ny teknologi og nye løysingar. VIA er ein viktig aktør som banar veg for innovasjon og samarbeidsbasert utvikling ved å koble HVL med partnarar på tvers av tradisjonelle bransjar og sektorar.

Sustainable Energy Norwegian Catapult Centre

Sustainable Energy Norwegian Catapult Centre er ein pådrivar for grøn innovasjon og overgangen til meir klima- og miljøvennlege energikjelder. Senteret formidlar kunnskap i alle ledd i ein innovasjonsprosess og koblar kompetanse frå anleggseigarar og andre teknologibedrifter med forskingsmiljø ved HVL.

Energiomstilling Vest

HVL, UiB, NHH og Norce går saman i klynga Energiomstilling Vest, som vart lansert i 2019. Saman dekkjer dei eit breitt spekter av kompetansen som trengs for energiomstillinga. Energiomstilling Vest jobbar òg saman med næringsliv, avgjerdstakarar, offentleg leiing og samfunnet elles for å skape ei grøn framtid for energi- og industrinasjonen Noreg. Energiomstilling påverkar alle samfunnsområde. Forsking og utdanning, tverrsektorielt samarbeid og tverrfagleg kunnskap er avgjerande for å oppnå eit nullutsleppssamfunn.

Eksempel på satsingar og samarbeid

bilde av Har du spørsmål knytt til hydrogen?

Har du spørsmål knytt til hydrogen?

Ved HVL jobbar vi med naturvitskaplege, tekniske og sosiotekniske problemstillingar knytt til hydrogen. Vi har laboratorium som vi nyttar til testing og forsking på hydrogen.

bilde av Avanserte nanomaterialer for ren energi og helseapplikasjoner (ANCEHA)

Avanserte nanomaterialer for ren energi og helseapplikasjoner (ANCEHA)

Forskningsgruppen ANCEHA forsker på solcelleapplikasjoner, hydrogen, energilagring, biomedisinske applikasjoner, energipolitikk og ledelse.

Vil du samarbeide med oss? Ta kontakt med oss for samarbeid.