Utlysing av Program for ideutvikling ved HVL

Dette er den offisielle utlysinga for Program for ideutvikling ved HVL. Det kan førekomme mindre justeringar i utlysingsteksten fram mot søknadsfristen. Bruk derfor denne sida til å halde deg oppdatert og for å finne den til ei kvar tid sist oppdaterte versjonen.

The English version of the call is available here. If there should be any inconsistencies between the English and the Norwegian versions, the Norwegian version will have preference.

Gjennom Program for ideutvikling ved HVL kan høgskulen sine tilsette og studentar søke midlar til å utvikle og teste eigne innovasjonsidear. Søknadsfristen er 4. april 2024 kl. 23.00 norsk tid.

Søknadsskjema

 

Innovasjon handlar om å ta i bruk ny kunnskap for å stimulere til utvikling og endring. Det kan til dømes gjelde nye eller vesentlege forbetra produkt og tenester, prosessar, organisasjons- og styringsformer eller konsept, som vert tatt i bruk for å oppnå verdiskaping eller samfunnsnytte. HVL legg særleg vekt på ansvarleg innovasjon i sin strategi. Med ansvarleg innovasjon meiner vi innovasjonar som tar høgde for både økonomiske, miljømessige, sosiale og etiske aspekt. Program for ideutvikling ved HVL skal fungere som eit springbrett der innvilga prosjekt vil leie fram til nye prosjekt, produkt, tenester, prosessar eller andre formar for innovasjonar som vil vere til nytte for samfunnet.

Om utlysinga

Formålet med programmet er å støtte oppunder innovasjonsprosjekt i tidleg fase, og stimulere tilsette og studentar til å vere kreative, løysingsorienterte og nyskapande. Siktemålet er å støtte prosjekt som er i ein fase der det er naudsynt å teste, påvise eller demonstrere at ein ide, metode, konsept eller andre formar for arbeidsresultat har potensial og er mogleg å gjennomføre, slik at ideen på sikt kan nyttiggjerast og brukast til det beste for samfunnet.

For dei som er kjende med Technology Readiness Level (TRL)-skalaen inneber dette at programmet rettar seg mot prosjekt som ligg rundt TRL-nivå 3 (eksperimentelt konseptbevis), med fokus på utprøving og testing av ein ide eller konsept. Dette betyr IKKJE at det må vere snakk om ein teknologisk innovasjon for at ein skal kunne søke på denne utlysinga. TRL-nivået refererer i denne samanhengen berre til ideen sitt modningsnivå.

HVL legg til grunn ei brei tilnærming til innovasjon, der både sosial innovasjon, tenesteinnovasjon, innovasjon i offentleg sektor, prosessinnovasjon og andre former for innovasjon vil vere aktuelle, inkludert prosjekt som kan ha kommersielt potensial. Programmet er difor relevant for alle fagmiljø og studentar ved HVL. Det viktigaste poenget er derfor at det allereie ligg noko forsking eller studium til grunn for den ideen du planlegg å utvikle vidare.

Kven kan søke?

Hovudmålgruppa for programmet er vitskapelege tilsette, under dette ph.d.-studentar som er tilsette ved HVL, og registrerte bachelor- og masterstudentar ved HVL. Andre tilsette ved HVL kan og søke, under føresetnad av at ideen passar inn under programmet og oppfyller kriteria under:

  • For å kunne søke støtte under programmet, er det ein føresetnad at ideen din spring ut frå forsking eller studium ved HVL
  • Alle tilsette som skal søkje, må ha minimum 50% stilling ved HVL.
  • Bachelor- og masterstudentar som skal søkje, må ha ein akademisk rettleiar som er tilsett ved HVL.

Kor mykje kan du søke om?

Bachelor- og masterstudentar kan søkje om 30-100 000 NOK per prosjekt. Vitskapelege tilsette, under dette ph.d.-studentar som er tilsette ved HVL, kan søke om mellom 100-500 000 NOK per prosjekt. Endeleg tildelt beløp per prosjekt kan bli justert i forhold til det opphavlege søknadsbeløpet.

Den anslåtte totalramma for årets utlysing er på 1,5 millionar NOK, der endeleg totalramme vil bli stadfesta når HVL sin budsjettprosess for 2024 er fullført. Potten dekker søknadar frå både studentar og tilsette.

Kva kan du søke støtte til?

  • Lønnskostnader (berre for tilsette)
  • Materiale og utstyr
  • Kostnader knytt til innkjøp av ekstern kompetanse som er naudsynt for å kunne gjennomføre prosjektet. Dette vil gjelde som bruk av underleverandør.
  • Leie av inkubatorplass
  • Kostnader knytt til prototyping og pilotering, til eksempel kostnader knytt til bruk av labfasilitetar mv.
  • Patenteringskostnader (berre for studentprosjekt, og avgrensa til patenterbarheitsundersøkingar og kostnader knytt til første innsending av patentsøknad)

Kva kan du ikkje søke støtte til?

Program for ideutvikling er først og fremst eit innovasjonsprogram som handlar om å teste ut innovasjonsidear som spring ut frå eiga forsking eller studier. Programmet finansierer derfor ikkje:

  • Kostnader knytt til grunnforskingsaktivitetar. Prosjekt som primært handlar om forsking og framskaffing av ny kunnskap vil ikkje vere å rekne som eit innovasjonsprosjekt, og passer følgeleg ikkje inn under denne utlysinga.

  • Kostnader knytt til utvikling etter verifiseringsfasen. Du bør til dømes velje andre finansieringskjelder dersom:
    • Du allereie no kan søke eller har søkt om eksternfinansiering hos Forskingsrådet, EU eller andre program for ideen din.
    • Du har sendt inn meldeskjema for arbeidstakaroppfinningar (DOFI) om ideen din til ein av kommersialiseringsaktørane HVL samarbeider med. Kommersialiseringsprosjekt er som regel på eit modnare stadium enn verifiseringfasen, og hovudregelen er at slike prosjekt ikkje kan støttast gjennom Program for ideutvikling. Dersom du har sendt inn DOFI, kan søknaden din kan likevel bli vurdert, men du må i så fall grunngje kvifor støtte gjennom Program for ideutvikling er naudsynt for å realisere kommersialisering på lengre sikt. Hugs at Program for ideutvikling ikkje støttar aktiviteter som er direkte relatert til kommersialisering, jamfør punkta under.
  • Reine utdanningsprosjekt. Prosjekt der hovudformålet er å etablere nye studieprogram eller -emner vil ikkje kvalifisere for støtte under programmet. Det fins andre program som ein kan søkje for slike prosjekt, til dømes under HK-Dir.

  • Marknadsførings-, kommunikasjons- og kommersialiseringsaktiviteter (med unntak av patenteringskostnader for studentar som nemnt ovanfor). Døme på kostnader som programmet ikkje dekker inkluderer:
    • Konferansedeltaking
    • Publiseringskostnader
    • Arrangementsstøtte
    • Etablering av studentbedrifter

Det er ikkje mogleg å søkje om støtte under dette programmet for idear som ikkje spring ut frå dine studium eller forskinga di ved HVL. Ein kan heller ikkje søke støtte for idear som tidlegare har fått finansiering under Program for ideutvikling.

Rettleiing i utviklinga av søknaden

Alle bachelor- og masterstudentar som søker, skal melde inn ideen sin til HVL Skape, og vil få bistand frå HVL Skape i utviklinga av søknaden.

Vitskapelege tilsette som planlegg å søke vil få tilbod om rettleiing, så langt det er administrativ kapasitet til dette. Vi oppmodar om å ta kontakt i god tid før søknadsfrist dersom du er interessert i slik rettleiing.

Korleis levere søknaden?

Alle søkarar skal nytte seg av søknadsskjema for utlysinga, som ein finn vedlagt på denne sida. Søknadar som ikkje nyttar dette skjemaet, vil ikkje bli vurdert. Det er mogleg å inkludere vedlegg når du sender inn søknadsskjemaet, men søknadsskjema og vedlegg skal samla sett ikkje overstige 5 sider.

Alle søknadar skal sendast til innovasjonafii@hvl.no med Terje Gravdal (terje.gravdal@hvl.no) på kopi.  Merk emnefeltet i e-posten med «Søknad til Program for ideutvikling ved HVL».

Endeleg søknadsfrist er 4. april 2024 klokka 23.00. Søknadar som vert sendt inn etter dette, vil ikkje bli vurdert.

Vurdering av søknadane

Etter søknadsfristen vil alle mottatte søknadar bli gjenstand for ei innleiande administrativ behandling for å sikre at alle formelle søknadskrav er oppfylt.

Alle søknader som tilfredsstiller dei formelle krava vil bli oversendt til ein komité med eksterne evaluatorar. Komiteen vil vurdere kvar søknad basert på vurderingskriteria. Dei søkarane som har høgast samla kvalitet på søknadane sine, vil bli invitert til å presentere ideen sin for evalueringskomiteen.

Evalueringane vil deretter danne grunnlag for ei innstilling med tilråding om finansiering, som vert oversend Programkomiteen ved HVL. Programkomiteen fattar endeleg vedtak om tildeling.

Kunngjering av tildelte prosjekt skjer truleg i andre halvdel av mai 2024.

Vurderingskriterier

Vurderingskriterium 1: Innovasjonspotensial og samfunnsnytte:

  • Utfordring og foreslått løysing: Kva er utfordringa som ideen skal løyse? Korleis representerer ideen noko nytt og ambisiøst, og kor ny er ideen samanlikna med eksisterande løysingar? Kor solid er forskinga som ligg til grunn for ideen, og er prosjektet si tilnærming realistisk?
  • Samfunnsnytte og meirverdi: Kva nytte representerer ideen for samfunnet? Kva er moglege bruksområde for ideen? Kven er aktuelle sluttbrukarar, og kva er den potensielle verdien for slike brukarar? Vil prosjektet ditt kunne vere relevant opp mot FN sine berekraftsmål?

Vurderingskriterium 2: Prosjektgjennomføring og prosjektgruppe:

  • Framdriftsplan for prosjektet: Korleis planlegg du gjennomføringa av prosjektet ditt gjennom prosjektperioden? Har planen ei realistisk tilnærming? Kva er dei sentrale milepålane i prosjektet? Er det etiske, sosiale eller miljømessige aspekt som er relevante for prosjektet, og korleis planlegg du for dette?
  • Prosjektgruppe og infrastruktur: Korleis er prosjektgruppa satt saman, og kva kompetanse bringer kvar deltakar med seg inn i prosjektet? Skal det nyttast relevant infrastruktur, forskingslaboratorium eller liknande i prosjektet? Skal prosjektet gjennomførast i samarbeid med eksterne samarbeidspartnarar, og kva er i så fall deira rolle inn i prosjektet.
  • Budsjett: Korleis er budsjettet satt saman, og korleis planlegg du å bruke midlane i løpet av prosjektet?

Vurderingskriterium 3: Plan for utnytting av prosjektresultat:

  • Prosjektresultat og plan for vidareutvikling: Kva er dei konkrete prosjektresultata som vil bli levert dersom prosjektet vert gjennomført som planlagt? Korleis er den vidare utnyttinga av prosjektresultat planlagt? Er det til dømes aktuelt å søke om eksternfinansiering til nye prosjekt gjennom nasjonale eller internasjonale program? Kan kommersialisering vere aktuelt? Er det planlagt andre måtar for å sikre nyttiggjering av prosjektresultata på? Kor realistisk er det at ideen vert realisert på lengre sikt etter at dette prosjektet er avslutta?

Prosjektvarigheit og oppstart

Alle prosjekt må vere påbegynt innan utgangen av 2024, og vere gjennomført innan 12 månader frå oppstart av prosjektet. Etter prosjektslutt skal det leverast sluttrapport som viser resultata av prosjektet, og korleis midla frå Program for ideutvikling ved HVL har blitt brukt.

Kontakt

Dersom du ynskjer meir informasjon om Program for ideutvikling ved HVL, er du velkommen til å ta kontakt: