Arbeids- og kompetanseområde
Eg er dekan ved Fakultet for helse- og sosialvitskap i perioden 01.08.2017 - 31.07.2025. Eg har det daglege ansvaret for den faglege og administrative verksemda i fakultetet. Eg er utdanna sjukepleiar og har hovudfag i pedagogikk. Doktorgraden min frå 2010 omhandlar læringsprosessar i sjukepleiarar si profesjonsutøving. Eg har lang erfaring med undervisning og veiledning samt strategisk utviklingsarbeid innan høgare utdanning. Eg er for tida varamedlem i NOKUT-styret og eg er leiar av Universitets- og høgskolerådets fagstrategiske enhet for helse- og sosialfag.
- Læringsprosessar i sjukepleie- utdanning og yrke
- Implementering av kunnskap i helsetenesta
- Profesjonell læring/læring i arbeidet