Arbeids- og kompetanseområde
Heisann,
Eg arbeider i Servicetorget på campus Stord, kor kundeservice og god informasjonsflyt er i fokus. Her er ingen spørsmål dumme og studentar, tilsette og gjester er alltid velkomne innom.
HVL har eit Servicetorg på alle fem campus og me fungerer som førstelinjer og informasjonssentre. På Stord finn du oss ved inngang A i Sjukepleierbygget. Søk i Mazemap.
Servicetorget Stord har midlertig opningstid mellom 09:00-13:00 (men ringer du sentralbordet vårt vil du få god hjelp mellom 08.00-15.00)
Når du ringer sentralbordet – 55 58 58 00 - vil dei fem Servicetorga svare. Ønsker du å snakke med Stord ber du berre om å bli sett over. Skulle me vere opptatt kan du sende e-post til servicetorget@hvl.no så svarer me så fort me er ledige.
Anbefaler deg også å teste chatboten vår MIME, som du finn på alle våre nettsider og som kan svare deg heile døgnet.
Ansvarsområde:
50% av stillinga mi er sett av til arbeid med infoflyt og nettsider. Samarbeider difor tett med kommunikasjonsavdelinga, SAMMEN og studentane. Er AI-trenar for Servicetorget i MIME. I tillegg har eg ansvar for:
- Campusrom Stord på Canvas - når alle studentane på campus Stord
- infoskjermar
- politiattestar
- profilartiklar
- kontorrekvisita
- utlån av el-syklar til studentar
- treningsavgiftsoblat til studentkort og tilsettkort
Representerer studieadministrasjonen i campus Stord si studiestartsgruppe, så har du gode innspel er det berre å ta kontakt.
Ønsker deg ein fortsatt finfin dag!
Sjåast! :)