Arbeids- og kompetanseområde
Eg jobbar først og fremst med eksternkommunikasjon, og er ein del av faggruppa for kommunikasjon og formidling. Hovudoppgåva mi er å gjere fagfolk og forsking frå HVL tilgjengeleg for folk flest - få fram viktige forskingsfunn og hjelpe forskarar til å løfte stemma si i samfunnsdebatten, løfte fram utdanningane våre og hjelpe leiarar med å få fram viktige bodskap om HVL si rolle i samfunnet.
For tida er eg også rådgivar for universitetsprosjektet.
Her er nokre ting eg kan hjelpe med:
- Populærvitskapleg formidling, slik som kronikk- og bloggskriving
- Korleis nå fram med ein viktig bodskap i media
- Førebuingar til intervju- eller debattsituasjonar
- Artiklar for forskning.no
- Kurs i formidling
Elles har eg bakgrunn som avisjournalist og skriver sakprosabøker på si.