Høgskulelektor

Elisabeth Bakke

Arbeids- og kompetanseområde

Eg er sosiolog, utdanna frå Universitetet i Bergen. Eg har og utdanning innan arbeids- og organisasjonspsykologi, personalpsykologi, sosialpsykologi, utviklingspsykologi, juss for leiarar, spesialpedagogikk og fleire phd.kurs.

Eg arbeider som studiekoordinator for Tverrfagleg vidareutdanning i psykososialt arbeid med barn og unge, og ved Master i samhandling og folkehelse ved fakultet for helse- og sosialvitskap (FHS).

Eg har fleire års erfaring frå fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI) ved institutt for pedagogikk, religion og samfunnsvitskap (IPRS) og frå fakultet for økonomi og samfunnsfag (FØS) knytt til masterutdanningar -  så samarbeid på tvers av fakulteta ved HVL er noko eg brenn for.

Eg har arbeidd som høgskulelektor i utdanningsleiing ved masterprogramma; Master i organisasjon og leiing og Master i læring og undervisning, ved praktisk-pedagogisk utdanning (PPU)-A og Y) og barnehagelærarutdanning (BLU/ABLU)

Eg har arbeidd med kvalitet- og kompetanse gjennom profesjons- og organisasjonsutvikling i fleire nasjonale ordningar, fyrst og fremst knytt til skule.

Rettleiar og analysepartner i Oppfølgingsordninga/Forfasen på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet - trepartsamarbeid mellom HVL, Statsforvaltaren og kommunar i oppfølgingsordninga.Utdanningsdirektoratet

Utviklings - og analysepartner 1. i Desentralisert ordning for kompetanseutvikling i skulen - DEKOMP Lokal kompetanseutvikling

Koordinator og rettleiar i Nasjonal ordning for rettleiing av nyutdanna lærarar i barnehage og skule - FOS/Midthordland Nyutdannet.no

Eg har lang erfaring som samhandlingsansvarleg og leiar for tverrfagleg team frå kommunal sektor før eg byrja ved HVL, og har brei erfaring som tiltaksutviklar og prosjektleiar knytt til tenester for barn og unge og deira familiar, og tverrfagleg- og tverretatleg samarbeid mellom 1. og 2. linje tenestene.

Eksempel på tverrfaglege- og tverretatlege  prosjekt

KOM! Prosjektet - Kvardagsmeistring og motivasjon for å hindre fråfall frå utdanning (Helsedirektoratet).

LOS-prosjektet - Oppfølging og los-funksjon for unge (14-23 år)  i særkilt risiko for fråfall frå utdanning (Bufdir).

Miljøterapi i skulen (Helsedirektoratet)

 

 


 

 

Underviser i

Tverrfagleg vidareutdanning i psykososialt arbeid med barn og unge - masternivå

Master i samhandling og folkehelse - Prosjektplan

Forskar på
  • FACT-Ung som samhandlingsmodell-  helhetlig og integrerte tenester
  • Skulefråfall og livsmeistring
  • Trepartsamarbeid i Oppfølgingsordninga
  • ZOOM-podkast som studentaktiv læringsform
Forskargrupper

Forskergruppa Samhandling for innovasjon i helse og omsorgstjenestene

Forskargruppa sitt faglege fokus er samhandling og innovasjon for kvalitetsutvikling i helse og omsorgstenestene på ulike nivå