Arbeids- og kompetanseområde
Eg er utdanna sjukepleier ved Medisinsk Akademiet i Lublin i Polen, og har i tillegg ein master i sjukepleievitskap frå same universitet. Eg har flereårleg erfaring frå arbeid i kommunehelsetenesta, og som ressurssjukepleier i lindrande behandling. I 2016 starta eg i stilling som høgskulelektor ved avdeling for helsefag, campus Førde, og har undervisningsoppgåver, praksisoppfølging og rettleiing på bachelorutdanninga i sjukepleie. Eg er emneansvarlig i emna SYKF130 Anatomi, fysiologi, biokjemi og mikrobiologi og SYKF140 Sjukdomslære og farmakologi.
- Grunnleggande sjukepleie
- Anatomi, fysiologi, biokjemi og mikrobiologi
- Sjukdomslære og farmakologi
- Sjukepleie ved somatisk sjukdom og skade
- Sjukepleie ved komplekse og samansette pasienttilstandar og sjukdomsbilete i kommunehelsetenesta
- Kvalitetssikring av studentutveksling ved bachelor i sjukepleie
- Trygghet og trivsel i sykepleieutdanningen
- Erfaringer med digital oppfølging av studenter i praksis
- Erfaringer med ferdighetstrening og ferdighetstest på SimArena. Sykepleiestudent og lærerperspektiv