Utdanningsutvalet
Bidra til å sikre at utdanningar og studieprogram har høg kvalitet, samfunns- og arbeidslivsrelevans, byggjer HVL sin faglege profil og støttar opp strategisk utvikling knytt til internasjonalisering, forskingsbasert utdanning og livslang læring.
Medlemmer frå 1.1.2024
- Anne Grethe Naustdal, prorektor for utdanning (leiar)
- Unni Margrethe Uren Aasen, prodekan for utdanning Fakultet for helse- og sosialvitskap
- Anne Kristin Rønsen, prodekan for utdanning Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett
- Brit Julbø, prodekan for utdanning Fakultet for teknologi, miljø og samfunnsvitskap
- Hege Cathrine Aarlie, programkoordinator, FHS
- Marcin Fojcik, dosent, FTMS
- Gunhild Raunsgard, leiar eining for eksamen, avdeling for studieadministrasjon
- Turid Bogetvedt Hitland, avdelingsleiar biblioteket
- Halvor Austenå, ekstern medlem, seniorrådgiver utdanning og studiekvalitet, Universitetet i Sørøst-Norge
- Alexander Papas, fag- og forskingsansvarleg, AU Studenttinget
- Synne Seim Helleland, valt student
Medlemmene er oppnemnt for fire år, med unntak av studentrepresentantar som er oppnemnt for eitt år.
Observatørar:
- Elin Kvaale, nestleiar Avdeling for forsking, internasjonalisering og innovasjon
- Einar Brobakke, seniorrådgjevar, verksemdstyring og internrevisjon
- Tone Skjerdal, avdeling for Samfunnskontakt – arbeidsliv og livslang læring.
- Lene Beate Kjemphol Loy, Studentombod HVL
- Trine Anikken Larsen, personvernombod
Varamedlemmer frå 1.1.2024
Prorektor regional utvikling deltek på møta når det er relevant og er vara for leiar av utvalet. Ein eller fleire prodekanar som speglar prorektor for regional utvikling sitt område kan også stille om prorektor for regional utvikling meiner det er relevant.
- Geir Kåre Resaland, prorektor for regional utvikling
- Monica Wammen Nortvedt, prodekan for samhandling, Fakultet for helse- og sosialvitskap
- Sigurd Sandvold, prodekan regional utvikling, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett
- Øyvind Midtbø Berge, prodekan for innovasjon og regional utvikling, Fakutlet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap
- Gro Ulland, Førstelektor, FLKI
- Svein Magne Abrahamsen, førsteamanuensis, FTMS
- Unni Beite Rogvin, einingsleiar opptak og rekruttering
- Gunhild Austrheim, biblioteket
- Josefine Franck-Ring, student
Avdeling for utdanningskvalitet har sekretæransvar for utvalet. Sekretær er Bente Sønsthagen.
Møteplan 2024
- Torsdag 15.2. 2024
- Torsdag 18.4.2024
- Onsdag 29.5.2024
- Torsdag 5.9.2024
- Tysdag 8.10.2024
- Torsdag 7.11.2024
Mandat
Vedtatt 16.11.2021.
Utdanningsutvalet skal
- Drøfte, belyse og gje råd til rektor i strategiske og politiske utdanningssaker.
- Bidra til å sikre at utdanningar og studieprogram har høg kvalitet, samfunns- og arbeidslivsrelevans, byggjer HVL sin faglege profil og støttar opp strategisk utvikling knytt til internasjonalisering, forskingsbasert utdanning og livslang læring.
- Gje råd om tiltak for god studentrekruttering på alle campusar og utdanningar.
- Vurdere, følgje opp og gje råd om tiltak som tek i vare og vidareutviklar system og rammer for utdanningskvalitet.
- Følgje opp og ta ansvar for utvikling og godkjenning av større endringar knytt til fellesemne “Danning og akademisk handverk”.
- Følgje opp og gje råd i spørsmål om ressursbruk og målretta kompetanseutvikling i personalet knytt til HVL sine utdanningsstrategiske satsingar.
- Akkreditere nye studieprogram med eit omfang på over 60 studiepoeng innanfor fagområde der høgskulen kan tildele doktorgrad, samt godkjenne nye studieplanar over 60 studiepoeng (delegert mynde frå styret).
- Fatte vedtak etter eventuell delegasjon frå styret eller rektor i utdanningssaker.
Tidlegare møte i Utdanningsutvalet:
Sakspapir og protokoll frå møta i Utdanningsutvalet 2018 - 2021