Nemnd for studentsaker ved Høgskulen på Vestlandet
Nemnd for studentsaker ved Høgskulen på Vestlandet er eit lovpålagt organ, jf. lov om universiteter og høgskoler § 5-1. Samansetting av nemnda er regulert av lova.
Mandat
Nemnd for studentsaker ved Høgskulen på Vestlandet behandlar følgjande saker:
- Saker som omhandlar fusk og forsøk på fusk jamfør universitets- og høgskulelova og forskrift om studium og eksamen ved HVL.
- Skikkasaker etter innstilling frå Skikkavurderingsnemnda ved HVL
- Saker gjeldande merknad på politiattest jamfør Universitets- og høgskulelova og forskrift om studium og eksamen ved HVL .
- Klagesaker som gjeld reglane om klage i forskrift for graden philosophiae doctor (Ph.d) ved HVL.
- Klager over enkeltvedtak, som til dømes klage på formelle feil under eksamen, avslag om opptak (til utdanningar som ikkje inngår i Samordna opptak), vurdering av realkompetanse eller avslag på tilrettelegging.
- Klager i samband med val av representantar og ombod ved HVL.
- Saker gjeldande bortvising jamfør Universitets- og høgskulelova
Nemnda kan prøve alle sider av saka. Nemnda er vedtaksfør når leiar eller vara for leiar og to andre medlemmer er til stades.
Nemndas vedtak i klagesaker er endeleg. Det betyr at vedtaket ikkje kan klagast på
Vedtak i saker som medfører utestenging og bortvising grunna klanderverdig oppførsel, fusk eller forsøk på fusk, merknad på politiattest eller som følgje av skikkavurdering skal treffast med minst to tredjedels fleirtal.
Samansetting
For perioden 1.9.2020–31.8.2024:
- Leiar: Tingrettsdommar Bjørg Kvelstad
Vara for leiar: Tingrettsdommar Tone Raaen - Fagtilsett: Åshild Havnerås
Personleg vara: Professor Catharina Renate Christophersen - Fagtilsett: Førsteamanuensis Sven Olai Høyland
Personleg vara: Høgskolelektor Alfred Limstrand
For perioden 1.8.2023–31.7.2024:
- Studentrepresentant: Maria Knudsen
Personleg vara: Tonje Thrane - Studentrepresentant: Mattis Munkvold Rovik
Personleg vara: Thomas Fadum
Møteplan hausten 2023
- 25. august (Innsendingsfrist: 11.august)
- 29. september (Innsendingsfrist: 8. september)
- 27. oktober (Innsendingsfrist: 6. oktober)
- 22. november (Innsendingsfrist: 6. november)
- 20. desember (Innsendingsfrist: 6. desember)
Møteplan våren 2024
- 26. januar (Innsendingsfrist: 9. januar)
- 23. februar (Innsendingsfrist: 6. februar)
- 5. april (Innsendingsfrist: 15. mars)
- 26. april (Innsendingsfrist: 9. april)
- 31. mai (Innsendingsfrist: 13. mai)
- 28. juni (Innsendingsfrist: 11. juni)
NB: Fristane i møteplanen er interne fristar for fakultet og einingar ved HVL, og gjeld oversending av klage/vedtak.
Søkjarar, studentar og andre skal sende sin klage til Høgskulen på Vestlandet, postboks 7030, 5020 Bergen eller e-post til post@hvl.no. Vi anbefalar å sende klage per post dersom klagen inneheld sensitive opplysningar
Kontaktinformasjon
Spørsmål som gjeld klagesaker kan rettast til sekretariatet for nemnda: nemnd.studentsaker@hvl.no
Kontaktpersonar:
Lov- og regelverk
- Universitet- og høgskulelova
- Forvaltningslova
- Offentleglova
- Forskrift om studium og eksamen ved HVL
- Forskrift om opptak til HVL
- Forskrift for graden philosophiae doctor (Ph.d) ved HVL
- Retningslinjer for behandling av fusk
- Retningslinjer for behandling av politiattestsaker
- Instruks for Nemnd for studentsaker