Digitaliseringsrådet
Digitaliseringsrådet (DR) skal på vegne av rektor og toppleiargruppa i HVL sikre prioritering av avgrensa ressursar (budsjett og bemanning), samt fungere som styre for digitaliseringsprosjekt i prosjektporteføljen.
Digitaliseringsrådet gjev vidare styringsråd om koordinering av operative digitaliseringsaktivitetar på tvers av einingar.
Digitaliseringsrådet rapporterer til rektor kvart halvår, og ved større saker vert toppleiargruppa konsultert.
Rolle og funksjon
Digitaliseringsrådet er HVL sitt porteføljestyre for digitalisering i HVL, og er såleis eit organ som:
- Legg fram forslag til strategiske digitaliseringstiltak inklusive budsjett for rektor og toppleiargruppa i HVL.
- Kan foreslå endringar i kriteria for ressursbruk for rektor.
- Fordeler ressursar innafor vedtekne årsbudsjett gjennom å etablere, endre, eller kansellere prosjekt i porteføljen.
- Overvaker porteføljen og løyser situasjonar med konflikt som står i vegen for leveransar og gevinstrealisering.
- Fører dialog om strategiske og taktiske disposisjonar på tvers av einingar og med fagadministrasjonen i organisasjonsdirektøren si linje.
Samansetting
- Tage Båtsvik, organisasjonsdirektør, leiar
- Anne-Grethe Naustdal, Prorektor utdanning
- Christine Øye, Prorektor forsking
- Geir Kåre Resaland, Prorektor regional utvikling
- Anette Olene Fristad, Avdelingsleiar HR
- Idar Magne Flemmen, Nestleiar organisasjonsutvikling og digitalisering
Avdelingsleiar Wiggo Hustad leiar sekretariatet for rådet.
Møteplan
- 1.2024
- 2.2024
- 3. 2024
- 4.2024
- 6.2024
Kontaktar
- Tage Båtsvik
- Wiggo Hustad
- Paul Wilson Glenn