Teieplikt

Studentar på helse- og sosialfaglege studium og lærarutdanningar skal signere teieplikterklæring.

Før du startar i praksis første studieår må du skrive under på ei teieplikterklæring. 

Det er viktig at du set deg godt inn i reglane for teieplikt. Som student i praksis er du underlagt dei same reglane for teieplikt som personalet ved praksisinstitusjonen, jf. Universitets- og høgskulelova § 4-6

Ver merksam på at du ikkje kan legge ut informasjon eller dele bilder som omhandlar praksisplassen eller aktivitetar knytt til denne på private eller offentlege sosiale medier eller annan kommunikasjon som kan føre til brot på tausheitsplikta.

Du signerer for teieplikta når du godkjenner utdanningsplanen din i Studentweb.

Lovverk