Reglement for utreisande studentutveksling
§ 1 Bruksområde
Reglementet gjeld ved uttak til studieplassar for studentar ved HVL i samband med utreisande studentutveksling. Med utreisande studentutveksling i meinar vi:
- Utveksling i samband med studium, eventuelt kombinert med praksisopphald, som skal innpassast som ein del av utdanninga. Studieopphaldet skal vara mellom 2 og 12 månader og skje innanfor rammene av ein bilateral avtale.
- Utveksling i samband med praksis som skal innpassast som del av utdanning. Praksisopphaldet skal vara minimum 2 månader og skje innanfor rammene av ei praksisavtale med ei verksemd eller ein organisasjon/institusjon
- Utveksling til institusjonar i utlandet utanfor ei bilateral avtale, eit nettverk eller eit program (Freemover)
- Deltaking i eit Blended Intensive Programme (BIP) ved ein av HVL sine partnarinstitusjonar.
Reglementet gjeld på lågare og høgare grad, innanfor alle fagområde og studieprogram. Skriftlege avtalar og forskriftene til studentmobilitetsprogram (f.eks. Erasmus+-programmet) regulerer tilhøva nærare.
§2 Vilkår for å kvalifisera for opptak til delstudium i utlandet
- Studenten må, ved avreise, ha produsert minimum 60 studiepoeng på høgare nivå.
- Dersom utdanninga har krav om studieprogresjon for å gå vidare til neste semester eller studieår, må studenten ha oppfylt dette.
- For å kunne søkja om utveksling må ein student ha regulært opptak til eit gradsgivande program eller ei vidareutdanning ved HVL. Opptaket må vera gyldig for heile utvekslingsperioden.
- Studenten må søkja om utveksling via appen «HVL Utveksling» innan fastsette fristar.
- Utvekslingsopphaldet må vera fagleg førehandsgodkjent som del av studenten sin utdanningsplan ved HVL før avreise.
- Nokre partnarinstitusjonar har særlege opptakskrav. Desse er regulert i den einskilde avtalen mellom partnarinstitusjonen og HVL.
- Studentar under særskild skikkavurdering kan ikkje reise på utveksling til utlandet.
§ 3 Rangering av kvalifiserte søkjarar
Dersom det er eit avgrensa tal studieplassar, stipend eller andre økonomiske fordelar frå HVL og/eller vertsinstitusjonen, skal konkurrerande søkjarar rangerast før vedtak om tildeling.
Ved rangering skal det leggjast vekt på:
- Søkjarar som ikkje tidlegare har gjennomført delstudium i utlandet skal prioriterast.
- Utrekna karaktersnitt ved HVL på søknadstidspunktet.
- Dersom to eller fleire søkjarar vert vurdert likt, skal uttaket avgjerast ved loddtrekning.
Studentar som ikkje får tilbod om utveksling, fordi det er fleire søkjarar enn tilgjengelege utvekslingsplassar, kan få tilbod om venteliste eller høve til å finna eit anna utvekslingsalternativ. Studieplassar og stipend, eller andre økonomiske fordelar frå HVL og/eller vertsinstitusjon, kan verte prioritert til studentar på fastsette studieprogram.
§4 Vilkår for freemovarar
- Som student ved Høgskulen på Vestlandet har ein ikkje rett til å reise på utveksling som freemover.
- Alle studentar som ynskjer å reise på utveksling som freemover må søkje skriftleg til instituttet sitt. Søknaden må innehalde ei klar skildring av den aktuelle institusjonen og det planlagde studieopplegget. Instituttet står fritt til å innvilge eit slikt opphald og gje ein fagleg førehandsgodkjenning basert på ei vurdering av søknaden og forholda ved det aktuelle studieprogrammet. Studenten søkjer om utveksling i appen HVL Utveksling som normalt og lastar opp godkjenning frå instituttet til søknaden.
- Alle studentar som ynskjer å reise på utveksling som freemover og som får innvilga slik utveksling, må innfri krava i §2 av dette reglementet.
- Det er ikkje høve til å reise på utveksling som freemover ved ein av høgskulens partnarinstitusjonar/samarbeidsinstitusjonar.
- Som freemover kan ein ikkje få økonomisk stønad gjennom Høgskulen på Vestlandet.
- Høgskulen på Vestlandet vil ikkje bidra til eller ta ansvar for organisering av eit utvekslingsopphald i utlandet som freemover.