Senter for omsorgsforskning, vest
Vi forskar på vilkår og utvikling av velferdstenester, med fokus på den kommunale helse- og omsorgsektoren. Forskinga vår gir kunnskap om og for tenestene i eit samanliknande perspektiv, både lokalt og internasjonalt. Vi er eit tverrfagleg forskingssenter, med særleg kompetanse på samfunnsvitskapeleg tilnærming.
Våre forskingssatsingar:
Eit av våre satsingsområde er forsking på helse- omsorgs-, og velferdstenester i eit komparativt perspektiv. Materielle, økonomiske, organisatoriske, politiske og kulturelle forhold og konsekvensar blir studert på tvers av kommunar, sektorar og landegrenser.
Eit anna hovedområde for forskinga vår er innovasjon og teknologi i offentleg sektor. Hovudtyngda så langt har vore på omsorgsteknologi, der eldre som bur heime og personar med funksjonsnedsetting har vore i fokus.
I tillegg deltek senteret i eit breitt samansette forskarnettverket som forskar på spørsmål knytt til omsorgens grunnlag, fenomen og vilkår.
Les meir om forskargruppene og nettverket senteret deltek i.
Følg oss på Facebook