Institutt for sikkerheit, kjemi- og bioingeniørfag
Institutt for sikkerheit, kjemi- og bioingeniørfag har nær 300 studentar og om lag 60 tilsette, fordelt på campus Bergen og campus Haugesund.
Vi utdannar studentar til viktige og etterspurte oppgåver i samfunnet. Med tre bachelorprogram og to masterprogram, er vi eit institutt som spenner frå helsefag til klassiske ingeniørfag. Bioingeniørutdanninga og kjemiingeniørutdanninga er lokalisert i Bergen, medan branningeniørutdanninga er lokalisert i Haugesund.
Studieprogramma har eit stort innslag av praktisk ferdigheitstrening som foregår i lyse og moderne laboratorium, og i samarbeid med eksterne verksemder i regionen. Laboratoria blir nytta både til utdanning og forsking.
Forskingsaktiviteten har stor breidde og skjer i nært samarbeid med næringslivet i regionen og med andre høgare utdanningsinstitusjonar i inn- og utland.
Ved vårt institutt får studantene får brei og oppdatert kunnskap som dei vil ha nytte av når de møter samfunns- arbeids- og næringslivet.