Handelshøgskulen HVL
Handelshøgskulen HVL har eit stort fagmiljø innan økonomi og administrasjon og eit variert og spennande fagtilbod innan samfunnsvitskap og humaniora.
Handelshøgskulen HVL har om lag 2000 studentar og 100 tilsette (årsverk), fordelt på studiestadane Bergen, Haugesund, Sogndal og Førde.
Kandidatar som er utdanna hos oss får ei solid og relevant utdanning som gjer dei attraktive for arbeid i privat næringsliv, offentleg sektor og andre organisasjonar.