Arbeid med kvalitet i utdanningane ved FTMS
Vi skal tilby attraktive utdanningar av høg kvalitet og vere tett på studentane våre. Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap tilbyr ei rekkje utdanningar som spenner frå fagskulenivå (dykkarutdanninga) til bachelor, master- og doktorgradsnivå.
Arbeidet med utdanningskvalitet i utdanningane er leia av prodekan for utdanning, instituttleiarane og dei studieprogramansvarlege.
Det er etablert studieprogramråd, som er rådgjevande organ for studieprogramansvarleg og institutt- og fakultetsleiinga om utvikling av kvalitet i studieprogramma og læringsmiljøet.
Kvalitet i emne
Utvikling av emna skjer med utgangspunkt i emneansvarleg sine erfaringar, dialog og evalueringsresultat. Ei av kjeldene er referansegruppe- eller klassemøte undervegs i semesteret.
- Referansegruppemøte ellerklasse-/kullmøte. Studentane skriv referat frå desse møta. I FTMS er det felles frist for gjennomføring av referansegruppe/klassemøte,innan 1. oktober og 1. mars skal det ligge føre referat frå minst eit møte. Fristen gjeld ikkje emne med blokkundervisning.
- Anonym sluttevaluering på emne, som blir gjennomført minimum kvart tredje år.
Kvalitet i studieprogram
Studieprogramrådet fastset oppfølgingsform for studieprogrammet. Alle studieprogramråd bør leggje inn faste møte med studenttillitsvalde som ein del av oppfølgingsforma.
- Studenttillitsvaldmøte er eit fast møtepunkt 1-2 gonger kvart semester mellom tillitsvalde studentar og studieprogramansvarleg. Instituttleiar og/eller leiar av studieprogramrådet kan delta, og møta kan vere felles for fleire studieprogram og felles for fleire trinn. Referat frå møta kan lagrast i Sharepoint.
- Avsluttande evaluering av semesteret skjer enten med emnerapport frå emneansvarleg og/eller med avsluttande dialogmøte på studieprogrammet. Den avsluttande evalueringa gir grunnlag for forslag om endringar i emne- og studieplan. Eventuelt referat/rapport lagrast i Sharepoint.
- Studieprogramråd har minimum 2 møter kvart år. Referat lagrast i Sharepoint.
Emne på tvers i fakultetet
Nokre emne inngår i fleire studieprogram på tvers av studieprogramråda. Prodekan for utdanning føl opp referansegrupper/klassemøte, anonym sluttevaluering, samt innlevering av emnerapport ved slutten av semesteret. Prodekan for utdanning kan og delegere ansvaret.
- Fellesemne i matematikk, statistikk og fysikk i ingeniørutdanninga: Koordinator for realfag
- Fellesemne i kjemi: Studieprogramansvarleg for kjemiingeniør
- Systememne og valemne på tvers i fakultetet: Prodekan for utdanning
Rulleringsplan for ekstern sensur finn du i Sharepoint.
Ressursar