Arbeid med kvalitet i ph.d.-programmet
Informasjon om ph.d.-programmet
Ph.d.-programmet Studiar av danning og didaktiske praksisar er ei forskarutdanning som blir tilbydd ved FLKI i Bergen. HVL utdannar lærarar til barnehage, skule og kultursektor, og ph.d.-studiet knyt saman undervisnings- og læringspraksisane i desse institusjonane med studiar av sentrale danningstekstar og forskingsutfordringar i feltet. For meir informasjon, sjå lenkene under.
- Info om Studiar av danning og didaktiske praksisar
- Studieplan
- Regelverk og skjema for Ph.d.-studium ved HVL
Viktige funksjonar for kvalitet i programma:
Fagleg leiar: Solvejg Jobst
Administrativ koordinator: Stine Soltvedt Jakobsen
Programutvalet
Programutvalet for ph.d.-utdanninga Studiar av danning og didaktiske praksisar er eit rådgjevande organ til dekanat i spørsmål som angår ph.d.-utdanninga. Utvalet blir oppnemnt for fire år om gongen, unntatt stipendiatrepresentant, som blir oppnemnt for to år.
Programutvalet har delegert myndigheit frå styret blant anna i desse einskildsakene:
- Godkjenne studieplan og emnebeskrivingar
- Godkjenne opptak til ph.d.-utdanning
- Godkjenne rettleiarar, prosjektbeskriving og framdriftsplan
- Følgje opp framdrift for ph.d.-kandidatar som vert tekne opp på studiet
- Oppnemne ekstern representant i komité for midtvegsevaluering
- Initiere tiltak for å sikre kvaliteten i ph.d.-utdanninga
- Godkjenne opplæringsdel
- Ta imot og behandle søknadar om å få avhandlinga bedømt
- Innstille medlem til bedømmingskomité overfor sentralt ph.d.-utval
- Avgjere saker som angår den einskilde ph.d.-kandidat
Programutvalet sine medlemmar
- Prodekan Torill Marie Bogsnes Larsen
- Seniorrådgjevar/professor Knut Steinar Engelsen (leiar)
- Professor Troels Lange
- Professor Göran Söderlund
- Professor Marit Rong (varamedlem for leiar)
- Stipendiat Karoline Jangård Selliseth
Varamedlemmer: - Professor Hege Wergedahl (vara for fast vitenskapelig ansatte)
- Stipendiat Felicity Katharine Burbridge Rinde (vara for stipendiatrepresentant)
Sentralt ph.d.-utval
Det sentrale ph.d.-utvalet har overordna ansvar for kvalitetsarbeidet ved ph.d.-utdanningane ved HVL. FLKI er representert ved dekan eller den dekan gir fullmakt. Studiar av danning og didaktiske praksisar har ein stipendiatrepresentant i utvalet.
Mandat:
- Utvalet skal utarbeide og forvalte retningslinjer og rutinar i samsvar med forskrift for graden philosophiae doctor (ph.d.) ved Høgskulen på Vestlandet
- Utvalet skal vere strategisk, samordnande og rådgjevande organ for styret og institusjonens leiing når det gjeld forskarutdanning
- Utvalet har delegert myndigheit frå styret i desse einskildsakene:
- Fastsetje søknadsskjema for opptak til ph.d.-utdanning
- Fastsetje krav om residensplikt
- Revisjon av kvalitetssikringssystemet for ph.d.-utdanning ved Høgskulen på Vestlandet (punkt 2.3-11) i tråd med høgskulen si ph.d.-forskrift
- Oppnemne administrativ og fagleg leiar for ph.d.-utdanningane (fagansvarleg) etter innstilling frå dekan
- Opprette komitéar for bedømming av avhandling og disputas etter innstilling frå programutvalet
- Godkjenne endeleg doktorgradsprøve
- Behandle spørsmål om policy og klagar
Rulleringsplan for periodisk studieprogramevaluering
Kvalitet i emne
Emneansvarlige Studier av danning og didaktiske praksiser
PHD901 Bildung and pedagogical practices: Professor Tom Are Trippestad
PHD902 Theory of science, ethics and academic text: Professor Tiri Bergesen Schei
PHD903 Research methodology and design: Førsteamanuensis Rune Herheim
PHD904 Kunstfagdidaktikk: Professor Aslaug Nyrnes og førsteamanuensis Silje Valde Onsrud
PHD905 Lærerprofesjon: Professor Bodil Ravneberg og professor Kari Ludvigsen
PHD906 Educational institutions as arenas for cultural formation: Professor Solvejg Jobst og professor Thorolf Krüger
PHD907 Kindergarten as an arena for cultural formation: professor lin Eriksen Ødegaard, professor Tamsin Jillian Meaney, professor Tiri Bergesen Schei, førsteamanuensis Alicja Sadownik.
PHD908 Critical mathematics education: teaching and research: Førsteamanuensis Suela Kacerja
PHD909 Utdanningsretorikk: Professor Tom Are Trippestad
PHD911 Non-Western Educational Philosophy and Policy: Professor David Gabriel Hebert
PHD912 Ecocriticism and Didactic Practices: Professor Lykke Harmony Alara Guanio-Uluru
PHD913 Towards an Aesthetic Critical Literacy: Professor Jena Lee Habegger-Conti og førsteamanuensis Zoltan Varga
PHD914 Kroppsleg danning: Professor Vegard Fusche Moe
Evaluering og oppfølging
Emne blir evaluert av studentar, emneansvarlege og ekstern sensor. Dette skjer slik:
- Evalueringsskjema (SurveyXact) for evaluering av kurset blir sendt til studentane siste kursdag
- Ph.d.-administrasjonen er ansvarleg for utsendinga, og sender samandrag av evalueringa til emneansvarlege så snart svarfristen er ute
- Emneansvarleg utarbeider rapport frå emnet basert på eigne vurderingar, samtale med ekstern sensor og tilbakemelding frå studentane
- Rapporten blir utarbeidd i eige tilsendt skjema så snart eksamensresultata føreligg og blir sendt til programansvarleg med kopi til ph.d.-administrasjonen
- Rapportane blir lagra i Public360 og presentert for programutvalet av fagleg leiar