Arbeid med kvalitet i utdanningar innan pedagogikk, religion og samfunnsfag, inkludert praktisk-pedagogisk utdanning (PPU)
Informasjon om studieprogram
Fakultet for lærarutdaning, kultur og idrett (FLKI) tilbyr Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) på studiestadane Stord, Sogndal og Bergen. For meir informasjon om studieprogrammet, sjå denne lenka.
FLKI tilbyr også dei fleksible masterprogramma praktisk utdanningsvitskap (MPUV) og didaktiske praksisar (MDIP).
Kvalitet i studieprogram
Viktige funksjonar for kvalitet i programmet:
Studieprogramleiar:
Studieprogramleiar har overordna ansvar for studieprogramma i Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag, samt dei instituttovergripande mastarane i praktisk utdanningsvitskap (MPUV) og didaktiske praksisar (MDIP). Studieprogramleiar leiar arbeidet med kvalitet i programmet og sørgjer for at dette er i tråd med HVL sitt system for arbeid med kvalitet i utdanningane.
Leiargruppe i PPU
Arne Kaldestad, studieprogramleiar
Janne Halvorsen Kleppe, assisterande instituttleiar IPRS
Vibeke Henriette Kvarven, administrativ utdanningskoordinator IPRS
Emneansvarlege
Valborg Kløve-Graue PPU Y 306. Bergen
Åshild Berg-Brekkhus PPU Y 305, Bergen
Steinar Westrheim PPU Y 305, Stord
Åse N. Bruvik, PPU Y 306 Stord
Thomas Arnesen PPU A 305 Stord
Kjersti Hovland, PPU-Y, Sogndal
Marit Uglum, PPU-A, Sogndal
Utvida utdanningsteam består av studieprogramleiar, assisterande instituttleiar, administrativ utdanningskoordinator, emneansvarlege og administrativt utdanningsteam.
Administrativt utdanningsteam PPU
- Vibeke Henriette Kvarven, studierettleiar Stord og administrativ utdanningskoordinator
- Eirik Hårstad Meslo, studierettleiar Sogndal
- Katharina Reksten Tufteland, praksiskoordinator, Stord
- Marie Gasmann Hermansen, praksiskoordinator, Sogndal
- Frøy Hege Loe, praksiskoordinator og studierettleiar, Bergen
Administrativt utdanningsteam MDIP og MPUV
- Vibeke Henriette Kvarven, studierettleiar og administrativ utdanningskoordinator
- Eirik Hårstad Meslo, studierettleiar
- Mona Straume Selstø, studierettleiar
Studieprogramråd for PPU og masterutdanningar
Studieprogramrådet er rådgivande til studieprogramansvarleg og fakultetsleiing om utvikling av kvaliteten i studieprogrammet og læringsmiljøet.
Studieprogramråd for for PPU og masterutdanningar
- Arne Kaldestad (leiar)
- Bente Opheim (assisterande instituttleiar)
- Leif Tore Trædal (forskingsprogramleiar)
- Vara: Amund Riiser (forskingsprogramleiar)
- Åshild Berg-Brekkhus (fagleg tilsett)
- Vara: Thorvald Rønneid Moen
- Aslaug Grov Almås (fagleg tilsett)
- Anne Mette Færøyvik Karlsen (fagleg tilsett)
- Thomas Arnesen (utdanningsforbundet Stord)
- Lene Agasøster (studentrepresentant)
- Arild Ingvaldsen (ekstern representant)
- Monica Håkonsli (ekstern representant)
- Håvard Ulstein (administrativt tilsett)
- Vibeke Henriette Kvarven (sekretær)
Kvalitet i emne
Involvering frå fagtilsette
Ansvar: Studieprogramansvarleg
- Innspel til emne- og studieprogramrevisjon vert organisert 4. kvartal
- Drøfting i PPU-teama
- Møte med studieprogramansvarleg
- Fagsamling vert organisert 1.kvartal. Der er innspel til utvikling av emne- og studieplan ei av sakene.
Praksisfelt og arbeidsliv
Ansvar: studieprogramansvarleg og assisterande instituttleiar
- Innspel gjennom studieprogramråd
- Innspel gjennom møter med lærarutdanningsskular
- Møter med skuleeigarar gjennom året
- Årleg digitalt fellesmøte for praksisskular frå alle campus
Oppfølging i studieåret
- Studieprogramråd: møte i september, januar og mai
- Referansegruppene: møte i desember og april
- Emnerevisjon: møte i desember
- Utvida utdanningsteam har møter ein gong i månaden.
Rulleringsplan ekstern sensur
- Rulleringsplan for ekstern sensur PPU
- Dei eksterne sensorane skriv sensorrapport.
Rulleringsplan anonyme undersøkingar:
Dei anonyme evalueringane vært gjennomførd midtvegs og/eller i slutten av kvart studieår
Rulleringsplan periodisk studieprogramevaluering:
Studieprogrammet har neste periodiske evaluering i 2027.
Studentmedverknad
Studentar kan i det daglege gi tilbakemelding til faglærarar og emneansvarleg om korleis emnet fungerer. I hovudsak er referansegruppemøter valt som oppfølgingsform i PPU.
Til referansegruppa blir to studentar (ein medlem og ein vara) valt til å delta i midtvegsevaluering og sluttevaluering av emnet. Her blir viktige aspekt som fagleg innhald og opplegg, læringsmiljø og læringsutbytte i emne diskutert saman med faglærarar og emneansvarleg.
Om det er valt referansegruppe, kan ein student som har tilbakemeldingar på eit emne kontakte referansegruppemedlem som kan ta dette vidare til evaluering i referansegruppemøte. Les meir om referansegrupper her.
Oversikt over referansegruppemedlemmer skal vere synleg i Canvas og i Kvalitetshandboka. I nokre emne vert det gjennomført klassemøter i staden for referansegrupper, der kvaliteten på emnet blir diskutert i plenum med studentar, faglærarar og emneansvarleg i emnet. Det blir også gjennomført jamnlege anonyme elektroniske evalueringar i alle emna i utdanninga. Studieprogramansvarleg kaller inn til årleg møte for alle klassetillitsvalte
Problemstillingar knytt til emnet tas i hovudsak opp i referansegruppemøta. Om problemstillingar som er tatt opp i dette forumet ikkje fører fram, har studentar høve til å melde ifrå gjennom HVL sitt Sei ifrå-system.