Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI)
Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI) er den største lærarutdanninga og den nest største barnehagelærarutdanninga i landet. I tillegg har fakultetet utdanningstilbod og forsking innan idrett, friluftsliv, folkehelse, kunstfag og teiknspråk og tolking.
Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har om lag 5830 studentar og 545 årsverk fordelt på campusane i Bergen, Sogndal og Stord. Fakultetet tilbyr utdanningar på bachelor-, master- og ph.d.-nivå og har eit tett samarbeid med samfunn- og arbeidsliv.
Du kan lese meir om samarbeid innan lærarutdanning og kreative fag på denne sida, og meir om samarbeid innan friluftsliv og folkehelse på denne sida.
Dekanat
Administrasjonssjef
Fakultetet har fire institutt
- Institutt for idrett, kosthald og naturfag
- Institutt for kunstfag
- Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag
- Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking
Fakultetet har tre fageiningar
Utdanning
Eining for utdanning er leia av prodekan Anne Kristin Rønsen.
Eininga har ansvar for bachelor-, master-, og vidareutdanningar i fakultetet.
Desse er organisert i seks studieprogramområder med kvar sin leiar:
- Barnehagelærarutdanningane - studieprogramleiar: Margareth Eilifsen
- Grunnskulelærarutdanningane - studieprogramleiar: Bodil Kjesbo Risøy
- Idrett, fysisk aktivitet og kosthald - studieprogramleiar: Joar Fossøy
- Kunstfagutdanningane - studieprogramleiar: Hans Mark Svedal
- Pedagogikk, religion og samfunnsfag, inkludert PPU - studieprogramleiar: Arne Kaldestad
- Språk, litteratur, matematikk og tolking - studieprogramleiar: Osvald Lykkebø
Studieadministrasjonen ved studieadministrativ leiar, Eli Borsholm, høyrer til i eininga og gir støtte til utdanningsverksemda i fakultetet.
Forsking
Eining for forsking er leia av prodekan Vegard Fusche Moe.
Eininga er organisert i fem forskingprogram med kvar sin leiar:
- Kunst, kreativitet og kulturelle praksisar (KKKP) – programleiar: Tiri Beate Bergesen Schei
- Språk, kommunikasjon og læring (SKoL) – programleiar: Marit Rong
- Praksisnær profesjons- og utdanningsforsking (PUF) – programleiar: Vigdis Vangsnes
- Berekraft, medverknad og mangfald (BEREKRAFT) – programleiar: Leif Tore Trædal
- Idrett, fysisk aktivitet og kosthald (IFAK) – programleiar: Amund Riiser
Forskingsadministrasjonen, ved forskingsrådgjevar Ingunn Voster, høyrer til i eininga og gir støtte til forskingssverksemda i fakultetet.
I tillegg har eininga ansvar for ph.d.-utdanninga Dannning og didaktiske praksisar, leia av Solvejg Jobst.
Regional utvikling
Eining for regional utvikling er leia av prodekan Sigurd Sandvold.
Eininga har ansvar for regional kompetanseutvikling, inkludert lærarutdanningsskular- og barnehagar, samarbeid med eksterne, studentrekruttering.
Programleiar for regional kompetanseutvikling er Osvald Lykkebø.
Eininga gir administrativ støtte til ekstern samhandling og eksternfinansiert utdanningsverksemd.