Avdeling for utdanningskvalitet

Avdelinga har ansvar for det systematiske arbeidet med kvalitet i utdanningane og skal vera bidragsyter for eit godt læringsmiljø for alle våre studentar.

bilde av Solfrid Kjoberg

Solfrid Kjoberg

Avdelingsleiar

Prorektor for utdanning har det overordna ansvaret for utdanning ved HVL.

Avdeling for utdanningskvalitet består av tre einingar, med ein fagansvarleg per eining:

Avdelinga skal støtte opp under og rådgje fakulteta i deira arbeid med utdanningskvalitet. Vidare skal avdelinga bidra med rådgjeving og strategisk utviklingsarbeid for rektoratet knytt til arbeid knytt til utdanning, læringsmiljø og studiekvalitet.

Eining for utdanningskvalitet, studieportefølje og analyse har mellom anna ansvar for det overordna kvalitetssystemet, arbeid med studieportefølje, nemnd for studentsaker, skikkanemnd, akkreditering, vesentlege endringar og periodisk evaluering av studieprogram, kvalitet i studie –og emneplanar, årsrapport, studiebarometeret, forvaltning av lov- og regelverk, Sei i frå og kvalitetskultur. Sekretariat for Utdanningsutvalet (UU).

Fagansvarleg for utdanningskvalitet, studieportefølje og analyse: 

Fagansvarleg for utdanningskvalitet og porteføljeanalyse
Høgskulen på Vestlandet


Eining for læringsmiljø og læringsstøtte har mellom anna ansvar for det overordna læringsmiljøet på HVL. Det inneber mellom anna studierettleiing, søknader knytt til tilrettelegging og mentorordning, karrierettleiing, medlem i campusråd og sekretariat for Læringsmiljøutvalet (LMU).

Hovudoppgåver:

Fagansvarleg for læringsmiljø og læringstøtte: 

Studentrådgivar, fagansvarleg for læringsmiljø/læringsstøtte
Høgskulen på Vestlandet


Eining for felles studentsystem – FS har mellom anna ansvar for oppdatering og vedlikehald av FS med tilhøyrande web-applikasjonar, FS-support og opplæring av FS-brukarar, registrering og rapportering av studentdata, Tableau og kvalitetssikre FS-data.

Fagansvarleg for FS:

Seniorrådgivar
Høgskulen på Vestlandet

 

Tilsatte